Pyntehandklede broderte i tradisjonell stil er eit døme på husflid frå Ukraina.
Foto: Pavlo Boyko

Husflid er handverksmessig produksjon av varer for eigen bruk eller for sal. Husflidproduksjon skjer i heimen og treng få og enkle tekniske produksjonsmiddel. Husfliden omfattar teknikkar som vevnad, strikking, treskurd, smiarbeid og rosemåling.

Ordsoge

Omgrepet husflid er sett saman av orda hus og det lågtyske ordet flid (jf. flittig) og er kjend frå tidleg 1800-tal i tydinga flid i heimen. Biskop Jacob Neumann brukte omgrepet i sin omtale av Asker prestegjeld i 1817.

I vår tyding skal Henrik Wergeland vere rekna som opphavsmann til uttrykket.[1] Eilert Sundt brukar omgrepet om arbeid som oppfyller stundene mellom hovudarbeida og som sysselset kvar hand i familien — til skilnad frå fabrikkdrift og handverk som hovudsyssel. Han har problem med å definere emnet, sidan det «er noget Usikkert og Svævende i Husflidens Navn og Begreb».

Sundt si bok gav støtet til etablering av dagens husflidlag; Den norske husflidforening vart stifta i 1891. Formålet med husflidlaga å lære opp folk i husflidarbeid, og å etablere utsal for husflidprodukt. Opplæring i husflid var hjelp til sjølvhjelp og for mange eit alternativ til fattigkassa.

Sjå òg

Kjelder

Fotnotar

  1. Kunnskapsforlaget store norske leksikon 1981 ISBN 82-573-0036-5