Holmen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Holmen kyrkje på Prestfoss i Sigdal
Foto: Mahlum | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Eiker | ||
Sokn | Sigdal | ||
Fellesråd | Sigdal | ||
Arkitekt | Gustav Adolph Lammers | ||
Teknikk | Lafteverk (tårn i bindingsverk) | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 9. november 1853 | ||
• Endringar | M.a. 1873, 1914, 1968 | ||
Klokker | 2, O. Olsen & Søn, 1853 og 1856 | ||
Preikestol | Ca. 1720 | ||
Døypefont | Ca. 1720 | ||
Altartavle | Bilete måla av Axel Ender (1877) | ||
Orgel | Olof Hammarberg, 1984 | ||
Sitjeplassar | 700 | ||
Holmen kyrkje i Sigdal 60°02′46″N 9°37′57″E / 60.0461°N 9.6326°E | |||
Wikimedia Commons: Holmen kirke (Buskerud) |
Holmen kyrkje er ei krosskyrkje frå 1853 på Prestfoss i Sigdal kommune i Buskerud.
Til grunn for oppføringa har ein nytta teikningane til Bamble kyrkje, som vart teikna av Gustav Adolph Lammers. Kyrkja avløyste ei ombygd stavkyrkje som stod om lag 500 meter unna, aust for prestegarden. Stavkyrkja vart riven i 1855, men den gamle kyrkjegarden vart nytta heilt fram til 1890, då ny kyrkjegard vart teken i bruk. Gravkapellet er frå 1935.