Hjernetrykk eller intrakranielt trykk (ICP) skildrar trykket inni hovudskallen, og dimed også i hjernevevet og cerebrospinalvæska (CSF).[1][2] CSF-trykk har vist seg å bli påverka av bråe endringar i intratorakalt trykk ved hosting (intraabdominalt trykk), valsavas manøver og kommunisering med vaskulaturen (vene- og arteriesystema). ICP blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg), og ved kvile plar den å vere mellom 7 og 15 mmHg hjå vaksne i liggande stilling.[3][4] Endringar i ICP er tilknytt volumendringar i ein eller fleire av konstituentane av kraniet.
Idiopatisk intrakraniell hypertensjon, ofte kalla auka intrakranielt trykk, er ei trykkauking i kraniet. ICP er normalt mellom 7 og 15 mmHg; ved 20—25 mmHg[3] er den øvre grensa nådd, og behandling kan vere naudsynleg.[5]
↑Jansen, Jan (13. februar 2009). «hjernetrykk». Store medisinske leksikon. Henta 1. mars 2015.
↑Jansen, Jan (13. februar 2009). «intrakranielt trykk». Store medisinske leksikon. Henta 1. mars 2015.
↑ 3,03,1Myhre, Mia; Drage, Inger Marie (2013). «Økt intrakranialt trykk og hjerneødem». Helsebiblioteket. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 1. mars 2015. «Normal ICP ≤ 15 mm Hg (ca 20 cm H2O) hos voksne/eldre barn og noe lavere hos yngre. ICP ≥ 20 mm Hg (ca. 27cm H2O) ansees som patologisk»