Hildur er eit kvinnenamn som har komme via islandsk frå norrønt Hildr.[1] Dette var namnet til ei valkyrje i norrøn mytologi. Namnet tyder 'strid', og ei anna form av same namnet er Hild.[1]
Hildur og Hild har i Noreg namnedag 18. januar.[1]
Namnet var ein god del bruka rundt førre hundreårsskifte, men frå midten av 1920-åra har bruken av namnet gått attende, og i siste halvdelen av 1900-talet var det få jenter som fekk dette namnet.