Hera

Opptrer iIliaden
Identifisert medJuno
MorRhea
FarKronos
EktefelleZevs
BarnAres, Eileithyia, Hebe, Hefaistos, Angelos, Enyo, Pasithea, Eris, Hekate


Hêra (gresk Ἧρη (jonisk) eller Ἧρα (attisk)) er ei gudinne i gresk mytologi.

Hera var dotter av Kronos og Rhea, søster og make av Zevs og dronning i Olympen. Med Zevs hadde ho borna Ares, Eileithyia, Hefaistos og Hebe. I følgje ein annan versjon var Hefaistos sonen hennar utan far, fødd som eit svar på at Zevs «fødde» Athene. Ho var vernar av ekteskapet og barnefødslar, og var mest tilbeden av kvinner.

Ho var sett på som ei hemnlysten og straffande gudinne mot dei som terga henne. Ho forfylgde stadig elskarinnene til sin utru make og barna han fekk med dei. Dette motivet var spesielt framtredande i mytane om Herakles som ho forfylgde frå før han vart fødd og heile hans jordiske liv. Myten om opphavet til Mjølkevegen seier at Zevs plasserte spedbarnet Herakles ved Heras bryst utan hennar vitande, då ho oppdaga det reiv ho vekk ungen, og brystmjølka hennar spruta ut over himmelen.

Etter at Herakles var teken opp til himmelen, forsona Hera seg med han og gav han dottera Hebe til ekte.

Hera sin heilage fugl var gauken, seinare var også påfuglen forbunden med henne. Granateplet var hennar spesielle symbol.

Romarane identifiserte henne med si gudinne Juno.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hera