Henning Rivedal

Fotograf: Maria Olivia Rivedal.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1944 (79 år)
Rivedal
Yrke journalist, skribent
Språk norsk

Henning Leiv Rivedal (fødd 31. august 1944 i Rivedal) er ein forfattar, journalist og kulturpersonlegdom busett på Hermansverk. Han er sentral i Leikanger Mannskor sin årlege Palmerevy og er leiar i Leikanger Mållag. Rivedal var fjernsynsmann i 60- og 70-åra, og er kjend frå Barne-TV og sportssendingar i NRK. I 1979 vart han tildelt Kringkastingsprisen. Han var redaktør i det lokalhistoriske tidsskriftet Systrendingen frå starten i 1993 til 2011.

Henning Rivedal gjekk på Firda Gymnas på Sandane frå 1962 til 1965. Rivedal blei landskjent då han i lag med Bergljot Engeset leia dei første episodane av Barne-TV-programmet Lekestue (1971).[1]

Rivedal var programsekretær i Sportsrevyen i NRK, der han i 1972 vart den første som leia sendingene på nynorsk.[2] Han arbeidde i NRK sentralt og på distriktskontoret for NRK Sogn og Fjordane (1971-83), var kultursjef i Naustdal kommune og skodespelar ved Sogn og Fjordane Teater (blant anna som Olav Haraldson i Bømlo-spelet, 1986), frilansjournalist og informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 2001 til 2011.[3]

Henning Rivedal har skreve fleire bøker og artiklar innan lokalhistorie, mattradisjonar og sport. Han var også redaktør i Årboka : Sogn og Fjordane i perioden 1993-2008.

Rivedal hoppa 7,10 i lengdehopp (Byrkjelo, 11. juli 1970) for Askvoll og har ei god plassering på adelskalendaren.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bøker

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lekestue - Christins mimreside - Barne-TV
  2. Ivar Aasen-tunet, [2000]
  3. Losnegård, 2013

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]