Helgelendingen – fram til 2014 Helgeland Arbeiderblad – er ei avis i A-pressekonsernet. Avisa vert utgjeven i Mosjøen i Nordland. Ho inngår saman med Rana Blad og TV Nordland i Mediehuset Helgeland.

Dekningsområdet til avisa er Midt- og Sør-Helgeland, med Mosjøen, Sandnessjøen og Brønnøysund som dei største stadene.

Amedia eig avisa. Redaktør er Petter Stocke-Nicolaisen.

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2014 7 828

Stadfesta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Avisa kom ut første gong 31. oktober 1929 under namnet Vefsna Arbeiderblad som organ for Det norske arbeiderparti. Frå august 1930 kom Helgeland Arbeiderblad ut i Sandnessjøen. Desse to avisene vart snart slegne saman, og frå 10. april 1931 kom ho ut under namnet Helgeland Arbeiderblad, hvori opptatt Vefsna Arbeiderblad - med redaktøren frå Vefsna Arbeiderblad, men med Sandnessjøen som utgjevarstad. Allereie i november 1931 vart redaksjonen flytta til Mosjøen.

Den første tida, frå 1929 til 1934 var formannen i Mosjøen arbeiderparti, Halfdan Moe Jacobsen, redaktør for avisa. Under andre verdskrigen vart redaktør Skogsaas arrestert, og tyskarane kverrsette produksjonsutstyret for å gje ut naziavisa Helgeland Folkeblad. Den første tida etter frigjeringa kom avisa saman med andre Mosjøaviser ut under namnet Mosjø- pressen.

I oktober 2014 skifta avisa namn til Helgelendingen.

Helgelendingen

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
  2. Helgeland historielag om Helgelendingen, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 1. oktober 2014 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]