Heimbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 67°28′S 66°55′W / 67.467°S 66.917°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Heimbreen 67°28′00″S 66°55′00″W / 67.4667°S 66.9167°W | |||
Heimbreen er ein isbre, 15 km lang, søraust på Arrowsmith Peninsula, som flyt sør til han flyt saman med isen i Jones Channel, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. I lag med Antevsbreen i nord, dekkjer han eit tverrgåande søkk som strekkjer seg mot den sørvestlege delen av Lallemandfjorden. Heimbreen vart oppdaga frå lufta i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Den nedre delen vart kartlagt i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey og breen vart namngjeven av dei etter Albert Heim, ein sveitsisk glasiolog som i 1885 skreiv Handbuch der Gletscherkunde.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Heimbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).