Heathen Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. juni 2002[1] | |
Innspelt | Oktober 2000 – januar 2002 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 52:08 | |
Selskap |
| |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
All Saints (2001) |
Heathen | Best of Bowie (2002) |
-kronologi | ||
Hours (1999) |
Heathen | Reality (2003) |
Singlar frå Heathen | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 68/100[3] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [4] |
Blender | [5] |
Entertainment Weekly | B+[6] |
The Guardian | [7] |
NME | 8/10[8] |
Pitchfork | 7.8/10[9] |
Q | [10] |
Rolling Stone | [11] |
Spin | [12] |
The Village Voice | C+[13] |
Heathen er det 22. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 11. juni 2002 på selskapet hans ISO Records og på Columbia Records. Sjølv om produksjonen hadde byrja før terroråtaka 11. september 2001, vart albumet fullført etter den datoen, som førte til at hendinga var med å påverke konseptet.[1][14][15] Det vart rekna som eit comeback for Bowie på den amerikanske marknaden og vart den høgaste plasseringa hans på den amerikanske albumlista (14. plass) sidan Tonight (1984). Albumet fekk òg god kritikk. BBC sa at tittelsporet på albumet «viser at Bowie framleis kan skrive avvæpnande direkte, noko som påverkar pop av ein veldig individuell tilbøyelegheit meir enn 30 år etter han byrja».[16] Verda over selde albumet ein million eksemplar[17] og låg fire månader inne på den britiske albumlista. Han marknadsførte albumet med Heathen-turneen gjennom 2002.
Produsenten Tony Visconti var attende på Heathen.[1] Han hadde vore produsent (i lag med Bowie sjølv) på mange av dei klassiske albuma til Bowie. Det siste albumet Visconti var med-produsent på var Scary Monsters i 1980. Dette var det første albumet til Bowie på over eit tiår utan gitaristen Reeves Gabrels, som første gongen spelte med Bowie på Tin Machine (1989).
Opphavleg hadde Bowie spelt inn albumet Toy for ei utgjeving i 2001. Dette albumet skulle innehalde nokre nye songar og nyinnspelingar av dei mindre kjende songane hans frå 1960-åra. Sjølv om Toy aldri offisielt har kome ut, kom nyinnspelingar av «Afraid» og «Slip Away» (då kalla «Uncle Floyd»), ut på Heathen. Somme andre nyinnspelingra av songar frå Toy kom ut som B-sider til singlar frå Heathen. Albumet vart spelt inn på Allaire Studios på toppen av eit fjell i Shokan.[18] Han sa til The Daily Beast:[18] «Det er den siste typen stad eg hadde venta å jobbe, fordi eg er ein ekte byperson. Eg elskar å skrive og jobbe og spele inn og vere og sosialisere i ein by. Heile livet er eg byorientert. Studioet var ein sommargarden til eigaren av ein malingsfabrikk, den einaste eigedommen på toppen av dette fjellet med utsikt over 80 km, 180 grader, alt. Det vart bygd på 20-talet. Han har ein slags nautisk smak. Det er mykje lakkert tre som du ser på dei gamle lystbåtane i den perioden. Taka er kanskje 40 fot høge, og kanskje 25 fot store vindauge. Eg ser ut dei vindauga klokka seks, sju om morgonen - eg står opp utruleg tidleg, eg er der og jobbar klokka 6 om morgonen, speler berre synthesizer, piano og jobbar med det vi skal gjere for dagen - og eg ser ut på hjorten, og eg trur ikkje at dette skjer med meg, roa og det storslåtte i det. Kor vakker verda er. Og alt byrja å komme inn, og eg finpussa på kva eg eigentleg hadde å seia om livet mitt. Det var magisk. No har eg gjort det, eg veit ikkje om eg nokon gong kunne gjenta den opplevinga. Eg er ganske livleg og munter og alltid på farten, og eg reflekterte plutseleg - uh, oh - og det var eigentleg ikkje meg. Men eg reflekterte med ein slik intensitet, og det kom over meg som ei bølgje. Det gjorde det verkeleg. Nokre morgonar gret eg bokstaveleg talt då eg skreiv ein song.»
Tidlege innspelingar for Heathen var med Bowie på gitar og klaverinstrument, Visconti på bass og Matt Chamberlain på trommer.[19] Trioen spelte inn kring førti songar, som varierte frå korte skisser til nesten ferdige komposisjonar. Fleire innspelingar fann stad i fleire studio med nokre nye musikarar og gamle Bowie-travarar. Bowie henta inn dei tidlegare samarbeidspartnarane Carlos Alomar (gitar) og Sterling Campbell (trommer). The Who-gitaristen Pete Townshend, som spelte solo på «Slow Burn» og som tidlegare hadde spelt gitar på «Because You're Young» frå Scary Monsters. Nykomarar var Foo Fighters-frontmannen og den tidlegare Nirvana-trommeslagaren Dave Grohl, Dream Theater-klaverspelaren Jordan Rudess, pianisten Kristeen Young, og den produktive bassisten Tony Levin frå King Crimson.[20] Songen «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» inneheld den lågaste noten Bowie nokon gong har sunge på eit album (G1).[21]
Sjølv om mange av songane var skrivne for Toy, og somme er coverversjonar, hevda mange biografar og kritikarar på den tida at Heathen omhandla inntrykka til Bowie etter terroråtaka 11. september.[14][15] Teksten til songar som «Slow Burn», «Afraid», «A Better Future» og «Heathen (The Rays)» fokuserer på nedbrytinga av menneskeheita og verda generelt, og minner om det tidlegare albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars og songen «Five Years».
Dave Thompson skreiv om samanhengen mellom albumet og 9. september: «Sjølv om me truleg ikkje kan tenkje oss noko meir andeleg enn maksimal tv-dekning for korleis inntrykket var, blir 9/11 verande den mest resonante hendinga i nyare verdshistorie for mange menneske, og tenner så mange tankar, frykt og konfliktar i tankane til dei som var vitne til det at sjølv i dag, sjølv menneske som aldri har vore i Amerika, framleis kan knyta seg til dei 102 skremmande minutta. På den tida, og gjennom månadene med uvisse som følgde, var behovet for denne bindinga endå tydelegare. Heathen høyrdest ut som om det forstod korleis folk hadde det. Folk følte automatisk behovet for å forstå Heathen, og av alle Bowie sine album på nittitalet og framover er det framleis det som hyppigast blir trekt fram som hans beste, fordi det absolutt er hans mest direkte. Til og med Tony Visconti omtalte det som hans magnum opus: «Eg sa til han: 'Det var meir ein symfoni.'»»[22]
Bowie nekta for at nokre av songane var skrivne etter september 2001, men innrømde at songane omhandlar den generelle angstkjensla som han hadde i Amerika i mange år, og la til «det er ikkje usannsynlig at du får ei kjensle av angst av noko som er spelt inn i New York eller av newyorkarar.»[1] Han sa òg i eit intervju i 2003: «Det vart skrive som eit djupt spørrande album. Sjølvsagt hadde han ein fot i den forferdelege hendinga i september. Så det var eit ganske traumatisk album å fullføre. Dette hintar mot det, men det prøver eigentleg ikkje å løysa traume. 11. september påverka meg og familien min veldig. Me bur her nede.»[23]
Albumet inneheld coverversjonar av tre songar: «Cactus» av Pixies, der Bowie sjølv speler alle instrumenta utanom bass og er einaste gongen han spelte trommer på plate,[24] «I've Been Waiting for You» av Neil Young (som òg var blitt spelt inn av Pixies som ei B-side i 1990 for singelen «Velouria») og «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» av Norman Odam eller Legendary Stardust Cowboy, som Bowie fekk namnet «Ziggy Stardust» frå i 1972 . Dei to sistnemnde songane var teken frå ei liste av songar som Bowie sette saman i 1970-åra for eit album han aldri spelte inn, Pin Ups 2.[25]
Bowie, som var 55 år på denne tida sa «Eg er ganske mykje realist. Det er ein viss alder du kjem til når du eigentleg ikkje skal visast [på TV] lengre. Dei unge må drepa dei gamle. ... slik fungerer livet. ... Det er slik kulturen fungerer.» [1]På grunn av dette vart det ikkje gjeve ut musikkvideoar for nokre av songane frå dette albumet.[1]
Men det vart lasta opp ein musikkvideo for «Slow Burn» til den offisielle DavidBowieVEVO YouTube-kanalen 23. mars 2011. Videoen syner Bowie kledd i kvitt som syng songen i eit platestudio, medan ei ung jente går kring i det mørke kontrollrommet og stundom tar på utstyr og miksepulten. Videoen er ein redigert versjon av songen og det er ikkje oppført kven som er regissør eller anna informasjon.[26]
Bowie tok albumet ut på vegen på Heathen-turneen i siste halvdel av 2002 og hadde fleire framsyningar på fjernsyn.
Ein remiks av songen «Everyone Says 'Hi'» kom ut i rytmespelet på PlayStation 2 kalla Amplitude.
I 2011 gav det britiske bandet Films of Colour ut ein versjon av «Slow Burn».[27]
Songen «Sunday» vart framført på Heathen-turneen og Reality-turneen. Eit konsertopptak frå The Point i Dublin i november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour. Ein Moby-remiks finst på bonusplata til den doble CD-utgåva av Heathen, og ein Tony Visconti-remiks kom ut på den europeiske versjonen av singelen «Everyone Says 'Hi'» og singelen «I've Been Waiting for You».
Heathen kom òg ut på SACD i eit avgrensa opplag med noko lengre versjonar av fem av songane på albumet. Denne kom berre ut på SACD, utan eit CD-hefte.[28]
Alle songar er skrivne av David Bowie, og produsert av Bowie og Tony Visconti, utanom der andre er nemnde[29].
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsentar | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Sunday» | 4:45 | ||
2. | «Cactus» | Black Francis | 2:54 | |
3. | «Slip Away» | 6:05 | ||
4. | «Slow Burn» | 4:41 | ||
5. | «Afraid» |
| 3:28 | |
6. | «I've Been Waiting for You» | Neil Young | 3:00 | |
7. | «I Would Be Your Slave» | 5:14 | ||
8. | «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» | Norman Carl Odam | 4:04 | |
9. | «5:15 The Angels Have Gone» | 5:00 | ||
10. | «Everyone Says 'Hi'» |
| 3:59 | |
11. | «A Better Future» | 4:11 | ||
12. | «Heathen (The Rays)» | 4:16 | ||
Total lengd: | 52:08 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Wood Jackson» | 4:48 |
Total lengd: | 56:56 |
Nr. | Tittel | Produsentar | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sunday» (Moby-remiks) |
| 5:09 |
2. | «A Better Future» (Remiks av Air) | 4:56 | |
3. | «Conversation Piece» (skriven 1969, spelt inn1970, nyinnspelt 2001) |
| 3:51 |
4. | «Panic in Detroit» (innspeling frå 1979) | 2:57 | |
Total lengd: | 16:53 |
Nr. | Tittel | Produsentar | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Wood Jackson» | 4:48 | |
6. | «When the Boys Come Marching Home» | 4:46 | |
7. | «Baby Loves That Way» |
| 4:46 |
8. | «You've Got a Habit of Leaving» |
| 4:53 |
9. | «Safe» | 4:44 | |
10. | «Shadow Man» |
| 4:46 |
Total lengd: | 45:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Sunday» | 4:47 |
2. | «Cactus» | 2:52 |
3. | «Slip Away» | 6:14 |
4. | «Slow Burn» | 5:04 |
5. | «Afraid» | 3:25 |
6. | «I've Been Waiting for You» | 3:16 |
7. | «I Would Be Your Slave» | 5:09 |
8. | «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» | 4:05 |
9. | «5:15 The Angels Have Gone» | 5:25 |
10. | «Everyone Says 'Hi'» | 3:56 |
11. | «A Better Future» | 3:56 |
12. | «Heathen (The Rays)» | 4:13 |
13. | «When the Boys Come Marching Home» | 4:49 |
14. | «Wood Jackson» | 4:44 |
15. | «Conversation Piece» | 3:49 |
16. | «Safe» | 5:53 |
Total lengd: | 71:08 |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]
|