Havskjelpadder | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | Skjelpadder Testudines |
Underorden: | Cryptodira |
Overfamilie: | Havskjelpadder Chelonioidea Baur, 1893 |
Havskjelpadder (Chelonioidea) er ei gruppe skjelpadder som lever hovuddelen av livet i havet. Dei er gode symjarar og dykkarar. Ekstremitetane deira er omforma til luffar. Framlemmane er svært store, medan baklemmane er mykje mindre. Dei kan ikkje trekka hovudet sitt inn i skalet.[1]
Havskjelpadder lever typisk i tropiske og subtropiske område, ofte langt frå kysten. Dei kjem på land berre for å leggja egg. Desse grev dei ned i sanden og lét solvarmen klekka dei. Kvar hoe kan leggja opptil 200–300 egg i året. Utklekkinga tek 6–10 veker. Ungane frå dei nyklekte egga kryp straks mot havet.[1]
((commonskat{