Hanfu (kinesisk 漢服 eller 汉服, pinyin hànfú, minnan hànho̍k eller hanhok, kantonesisk hɔn˧fʊk˨ eller honfuk) er den tradisjonelle drakta nytta av han-kineserar i fleire hundreår før mandsjuar grunnla Qing-dynastiet i 1644 og innførte nye klesskikkar i Kina. Kledestilen har endra seg gjennom tidene, men er typisk sett saman av to eller fleire draktdelar av rikelege mengder stoff som er sveipte rundt kroppen og festa med band og få eller ingen knappar. Som mange andre austasiatiske plagg kryssar ein stoffstykka frå kvar side i halsen, og i hanfu blir det lagt vekt på å ha stykket som vender mot høgre øvst. Eit anna vanleg kjenneteikn på desse draktene er svært lange eller vide erme. Dekorasjonar og hovudplagg kan visa beraren sin status. Drakttypen er i slekt med japansk kimono, koreansk hanbok og vietnamesisk áo tứ thân.
Klede ein har forbunde med Kina i nyare tid, som hårpisk og strammare, tettknappa drakter som qipao, har opphav i mandsjuiske kledeskikkar og blei innførte under Qing. Under det tidlege kommuniststyret i landet blei begge typar tradisjonelle drakter forbodne. Dei har i dag gått ut av dagleg bruk blant kinesarar bortsett frå blant nokre geistlege. Ein finn òg døme på bruk av klede med gamle røter i ein del landlege område, men desse draktene er ikkje nødvendigvis rekna som hanfu.
I dag er hanfu mest å sjå i drama som historiske filmar og tv-seriar og kinesisk opera, eller i andre samanhengar som kostyme. Det er også blitt gjort forsøk på å innføra hanfu som nasjonaldrakt i staden for qipao eller vestlege klede, eller som folkedrakt for han-kinesarar. Det blir både rekonstruert historiske drakter og dei blir brukt som inspirasjon for moderne mote.
Mytologisk blir hanfu knytt til Den gule keisaren, slik også materialet silke, som dei finare draktene stort sett blei laga av, er knytt til kona hans Leizu, som skal ha oppdaga det.
Historisk sett kan ein knyta hanfu til Shang-dynastiet (ca.1600-1000 f.Kr). Deira drakter var sette saman av ein knelang yi med smale erme, festa med tøybelte, og eit smalt, ankelsidt skjørt, chang, og eit stoffstykke, bixi, som nådde knea. Det blei gjerne brukt fargesterke primærfargar.
Under det påfølgjande dynastiet, Vestlege Zhou, blei kleda lausare og ermene vidare, og ein byrja henga jadestykke frå tøybeltet. I dette strengt hierarkiske samfunnet blei klede brukte til å markera status, som ermevidde, skjørtelengde, og dekorasjon.
Under Austlege Zhou blei shenyi, ei drakt der over- og underdel var sydde saman, innført. Festedelen av drakta blei forma som eit hjørne som kunne festast ved høgresida av brystet.
Enkle drakter kan ha to eller tre lag: Eit innerplagg og eit plagg utanpå dette som ein lukker som ei kåpe. Utanpå kan ein så ha endå eit ytterplagg, gjerne ulukka. Ein kan bruka mange fleire plagg og dermed oppnå ulike grader av formalitet.
Dei ulike delane som kan setjast saman til ei heil drakt blir kalla:
Visse drakter fekk faste namn og bruksområde:
Bilde | Namn | Skildring og bruk | Snitt |
---|---|---|---|
Banbi (半臂), banxiu (半袖) |
Korterma kappe brukt som alminnelege ytterklede av begge kjønn | ||
Beizi (褙子) | Kappe med lange erme (vide eller smale) brukt av begge kjønn | ||
Chang-ao (長襖) | Formelle klede for kvinner, utvikla frå zhiduo. | ||
Daopao (道袍), xingyi (行衣) |
Formelle klede for menn | ||
Diyi (翟衣), huiyu (褘衣), miaofu (庙服) | Seremonielle klede for kvinner av keisarleg stand med broderi av blomar og fuglar[1] | ||
Daxiushan (大袖衫) | Formelle klede for kvinner av kongeleg stand | ||
Lanshan (襴衫) | Formelle klede for lærde og studentar som tok keisarleg eksamen | ||
Mianfu (冕服) | Seremonielle klede for keisarar | ||
Ruqun (襦裙) | Alminneleg todelt drakt for kvinner | ||
Shangfu (常服) | Alminnelege keisarlege hoffklede | ||
Shenyi (深衣) | Formelle klede for menn | ||
Yuanlingshan (圓領衫) | Formelle klede for sivile, embetsmenn og adelege | ||
Zhiduo (直裰) | Vanleg drakt for menn[2][3] |