Hallvard Sandnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1893
Bygland kommune
Død

25. juli 1968 (75 år)
Stavanger kommune

Yrke teikneserieskapar, skribent, science fiction-forfattar, skuleleiar

Hallvard Sandnes (fødd 27. mars 1893 i Vikeli i Bygland i Setesdal, død 25. juli 1968) var ein norsk lærar, forfattar og teikneserieskapar. Han skreiv teksta til teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr. Teiknar var Jostein Øvrelid. Dei to skal visstnok aldri ha møttest. Samarbeidet foregjekk gjennom brevveksling.[1]

Hallvard Sandnes var ihuga målmann. Han skreiv eit konservativt nynorsk. I tillegg til at han fekk gitt ut 17 bøker, skreiv han òg føljetongar i fleire blad. I 1925 fekk han Melsom-prisen.

Under arbeidet med Ingeniør Knut Berg på eventyr brukte han pseudonymet Vigleik Vikli.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene side 89