Haldia er ein hamneby i Vest-Bengal i India med litt over 200 000 innbyggjarar.[1] Saman med Kolkata lengre nord på elva er Haldia ei viktig internasjonal hamn for India, og den femte største hamna i landet.
Haldia ligg ved møtestaden til elvane Haldi og Hugli, begge munningsarmar av Ganga. Han ligg i distriktet Purba Medinipur, rundt 9 mil nord for elvemunningen ved Bengalbukta og 6 mil sør for Kolkata. Hamna i Haldia blei hovudsakleg bygd for å avlasta Kolkata. Ho kan ta imot større havgåande skip, og er både ei viktig eksport- og importhamn. I tillegg til elvefart har byen veg- og jernbanesaband med Kolkata og vegsamband med Kharagpur og Jamshedpur i vest.
Byen huser fleire høgskular, mellom anna Haldia Institute of Technology, Haldia Government College, Haldia Law College, Haldia Paramedical College, Global Institute of Science and Technology, Haldia Institute of Dental Sciences & Research, ICARE Institute of Medical Sciences & Research og Haldia Institute of Maritime Studies and Research.