Hafsa Sultan | |||
| |||
Fødd | ca. 1479 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mars 1534 Istanbul | ||
Tittel | Valide sultan | ||
Regjeringstid | 1520–1534 | ||
Etterfylgjar | Nurbanu Sultan | ||
Hus eller slekt | Det osmanske riket | ||
Gravstad | Istanbul | ||
Land | Det osmanske riket | ||
Ektefelle | Selim I av Det osmanske riket | ||
Barn | Suleiman I av Det osmanske riket, Hatice Sultan, Şah Sultan, Beyhan Sultan, Fatma Sultan |
Hafsa Sultan (1479–1534) var valide sultan i det osmanske riket under regjeringstida til sonen sin sultan Suleiman I frå 1520 til 1534. Ho var den fyrste innehavaren av tittelen valide sultan.
Hafsa Sultan kan ha vore dotter av khan Meñli I Giray av Krim, men dette byggjer på vestlege forfattarar frå 1600-talet. Osmanske dokumentprov peiker på eit opphav som kristen slave.[1][2] Det fyrste synet blir likevel framleis støtta av fleire historikarar.[3]
Ayse, dottera til Meñli I Giray, blei fyrst gift med bror til Selim, prins Mehmed, guvernør av Kefe, og deretter med sultan Selim I. Selim si dotter gifta seg med bror hennar Saadet I Giray. Dette var dei einaste to kongelege ekteskapa mellom det osmansket dynastiet og Giraydynastiet på Krim.[4] Det er likevel mogleg at Ayse og Hafsa var to ulike personer, og at Hafsa var ei anna av konene til Selim.
Då sonen hennar følgde skikken for tronarvingar med å gjera teneste som guvernør i Manisa 1515-1523 budde ho der med han og grunnla ein skule, ein høgskule, ein moské, eit sjukehus og ein årleg festival. Då sonen hennar kom på trona blei ho den fyrste kvinna ved det osmanske hoffet som fekk tittelen «sultan» etter namnet sitt, i staden for «hatun». Ho var også den fyrste sultanmora som fekk tittelen valide sultan, og ho representerer dermed ei endring i status for mor til sultanen, som gjennom denne fekk ei rolle motsvarande dronning og blei kvinna med høgast status og makt i riket.[5]
Hafsa Sultan var også den fyrste haremkvinna som ein veit hadde ein kvinneleg agent eller kira, Strongilah.[6]