Gunnar T. Rysstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1867
Død

23. juni 1928 (61 år)

Yrke politikar, lyrikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Gunnar Torgeirsson Rysstad (27. mai 186723. mai 1926) var ein norsk gardbrukar, diktar, ordførar og stortingsmann frå Valle kommune.

Rysstad var son til gardbrukar i Valle. Han gjekk amtsskulen i 1881/82 og folkehøgskulen Vonheim 1884/85. Handelsmann på Rysstad 1889-90. I 1896 tok han over slektsgarden Straume i heimbygda, og dreiv denne sidan.

Han gav ut fleire diktsamlingar, det mest kjente diktet, «Eimhesten», skreiv han til opninga av Setesdalsbanen i 1895, der det vart framført som ei kantate. Rysstad gjendikta «Deilig er jorden» som «Fager er jordi», trykt i Syn og Segn i 1900, som sidan kom med i Nynorsk Salmebok.

Rysstad var i fleire år medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Han var 3. representant for Nedenes amt og SamlingspartietStortinget 1904-06. Medlem av protokollkomiteen.

Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

Rysstad døydde 1926 på garden sin, Straume i Valle.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]