贵阳 (pinyin Guìyáng) | |
---|---|
Tidlegare namn | Trad. 貴陽, tidlegare transliterasjonar Kueiyang, Kweiyang |
Utsyn frå Miracle Hotel i Guiyang. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Guizhou |
Geografi | |
Flatevidd | 8 043,37 km² |
Flatevidd - By |
8034 km² |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
3,930,000 489.2/km² |
Koordinatar | 26°35′N 106°43′E / 26.583°N 106.717°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 550000 |
Telefon-retningsnummer | +86-851 |
Heimeside: http://www.gygov.gov.cn/ | |
Nettstad: gygov.gov.cn | |
Plassering | |
Guiyang er ein kinesisk storby og byprefektur som er hovudstad i provinsen Guizhou sør i Kina. Befolkninga innan bygrensene er rekna (2004) til 1 161 000, medan heile prefekturet hadde 3,93 millionar innbyggjarar i 2008.
Guiyang ligg langs hovudvegen mellom Kunming og Chongqing, 32 mil sør for den sistnemnde. Byen har vore eit jernbaneknutepunkt sidan 1959.
Byen er eit industrisenter. Her vert det produsert blant anna tekstilar, kunstgjødsel, maskinreiskapar, petroleum, gummiprodukt som bildekk, sement og papir. Viktige kol- og bauxittgruver ligg i nærleiken, og dannar grunnlag for mykje av industrien.
Guyan har eit universitet grunnlagd i 1983 og fleire høgskular.
Guiyang består av seks bydistrikt, tre fylke og eitt byfylke:
«Guiyang» i Store norske leksikon, snl.no.