Grunde Nilsen Vegard
Fødd1. februar 1868
Vegårshei
Død2. august 1929 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Grunde Nilsen Vegard (1. februar 18682. august 1929) var ein norsk kjøpmann i Risør som var stortingsrepresentant for partiet Høgre. Han var ein eldre bror til fysikaren Lars Vegard.

Grunde Vegard var bondeson frå garden Grasåsen i Vegårshei. Han reiste i unge år til Kristiania og utdanna seg i handel ved Kristiania handelsgymnasium. Etter å ha fått handelsbrev slo han seg ned i Risør der han i 1893 opna manufakturforretning. I periodar var han også disponent for A/S Lagets Dampsag og elles styreleiar i Risør Sparebank.

Frå 1898 til 1925 var Vegard tidvis medlem av Risør bystyre. Stortingsperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Østerrisør og partiet Høgre på Stortinget. På Tinget var han medlem i Justiskomiteen til 22. juni 1921, sidan var han med i Protokollkomiteen.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]