Groruditt, grorudgranitt eller grefsensyenitt er ein særs hard, seig og sterkt grøn gangbergart.
Bergarta har vorte feilaktig kalla granitt, då han har for lite innhald av kvarts til å vere ekte granitt. Utsjånaden og eigenskapane er særs likt granitt, men denne syenitten inneheld berre 5 % kvarts mot 20 % som er kravet for at det skal kallast granitt. [1].
Dei skarpe brotflatene i grorudgranitt gjer han godt eigna til å lage økser av, og i steinalderen var han ettertrakta reiskapsmateriale som erstatning for flint, som ikkje finst naturleg her i landet.