Great Glen-forkastinga.

Great Glen er ei rad dalar i Skottland som strekkjer seg 10 mil mellom Inverness og Fort William. Great Glen følgjer ei stor geologisk forkasting kjend som Great Glen-forkastinga. Ho deler det skotske høglandet inn i Grampian-fjella i søraust og Northwest Highlands i nordvest. «Glen» er eit skotsk ord som tyder ‘dal’.

Great Glen er ei naturleg reiserute i høglandet, og blir nytta av både Caledoniakanalen og A82-vegen.

Great Glen var strategisk viktig for å kontrollera dei skotske høglandsklanane, særleg under jakobittopprøra på 1700-talet. Desse opprøra førte til grunnlegginga av byane Fort William i sør, Fort Augustus midt i Great Glen og Fort George like nord for Inverness.

Mykje av Great Glen består av ein serie innsjøar med elvar som knyter dei saman. Caledoniakanalen nyttar også innsjøane som ein del av ruta si, men elvane er ikkje framkommelege.

Geologi

[endre | endre wikiteksten]

Great Glen-forkastinga blei danna ved slutten av den kaledonske orogenesen (fjellkjededanninga) då Laurentia og det baltiske skjoldet kolliderte ved slutten av silurtida og byrjinga av devontida (for 430-390 millionar år sidan). Rørsla på denne tida var sinistral (venstre-lateral). Den andre hovudfasen av forkasting var i karbontida, denne gongen med dekstral (høgre-lateral) rørsle. Great Glen Fault hadde siste fase frå slutten av karbon til byrjinga av tertiærtida.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]