Gratangen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Fil:Gratangen Church in Årstein, Gratangen, Troms, Norway, 2022 June - 2.jpg
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Gratangen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Trondenes | ||
Sokn | Gratangen | ||
Fellesråd | Gratangen | ||
Arkitekt | Oskar Norderval | ||
Innvigd | 1971 | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen (1971) | ||
Preikestol | I tre, teikna av arkitekten | ||
Døypefont | I stein/betong, teikna av arkitekten | ||
Altartavle | Mosaikk | ||
Orgel | Jehmlich Orgelbau (1985) | ||
Sitjeplassar | 220 | ||
Gratangen kyrkje 68°41′24″N 17°33′08″E / 68.69°N 17.5521°E | |||
Wikimedia Commons: Gratangen kirke |
Gratangen kyrkje er ei kyrkje med eit modernistisk formspråk frå 1971 i Gratangen kommune i Troms. Arkitekt for kyrkja var Oskar Norderval.
Bygningen har eit flatt, lågt tak, men to trekanta, loddrette betongplater stikk opp som eit segl. Mellom platene heng kyrkjeklokkene. Bygningen er plassert på ein liten høgd attmed tettstaden Årstein og har ein dominerande posisjon i fjorden, særleg når ein kjem frå Gratangsbotn.
Kyrkja har 220 sitjeplassar.
I samband med tusenårsskiftet vart eit tilbygg på kyrkjelydssalen ved kyrkja vald som tusenårsstad for kommunen.