Graham Nash David Crosby Studioalbum av Crosby & Nash | ||
Utgjeve | 5. april 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Wally Heider Studio III, Los Angeles, CA | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:26 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | David Crosby, Graham Nash, Bill Halverson | |
Crosby & Nash-kronologi | ||
---|---|---|
Graham Nash David Crosby | «Wind on the Water» (1975)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Graham Nash David Crosby er det første albumet til duoen David Crosby og Graham Nash, gjeve ut på Atlantic Records i 1972. Albumet nådde 44. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista og ein singel frå albumet, «Immigration Man», nådde 36. plassen på Billboard Hot 100 den 17. og 24. juni 1972.[2] Det selde til gullplate i USA og var dedisert til Joni Mitchell, som «to Miss Mitchell.»
Etter Crosby, Stills, Nash & Young var oppløyst sommaren 1970, gav alle dei fire medlemmane kvar sine soloalbum det neste året. Neil Young og Stephen Stills fokuserte begge på sine eigne prosjekt dei neste åra, Young med Crazy Horse og Stray Gators, medan Stills skipa Manassas. Både If I Could Only Remember My Name av Crosby og Songs for Beginners av Nash selde godt, og hausten 1971 heldt dei to ei rekkje konsertar i lag. Under turneen skreiv Crosby og Nash nye songar som dei så tok med seg til studio.
Fleire kjende musikarar var med på innspelinga av albumet, som Dave Mason og medlemmar av The Grateful Dead — Jerry Garcia, Phil Lesh og Bill Kreutzmann. Nash og Crosby vart hovudsakleg akkompagnert av The Section, ein kvartett av etterspurte studiomusikarar på den amerikanske Vestkysten i 1970-åra. Bandet bestod av Craig Doerge, Danny Kortchmar, Leland Sklar og Russell Kunkel, og dei spelte på dusinvis av album, mellom andre av James Taylor, Carole King og Jackson Browne. Dei fortsette òg å spele med Crosby & Nash resten av tiåret, både i studio og på turné.
Songane fortsette i same stil som duoen hadde spelt med CSNY, der Nash skreiv stramme popsongar, inkludert tittelsporet, og Crosby utforska stemningar og sjølvgransking innimellom dei vanlege vokalharmoniane til duoen. Albumet selde minst like godt som dei to soloalbuma dei hadde gjeve ut året før. Etter dette albumet turnerte duoen i 1973 med eit band som mellom anna bestod av David Lindley og den framtidige Eagles-gitaristen Don Felder.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Southbound Train» | Graham Nash | 3:54 |
2. | «Whole Cloth» | David Crosby | 4:35 |
3. | «Blacknotes» | Graham Nash | 0:58 |
4. | «Stranger's Room» | Graham Nash | 2:28 |
5. | «Where Will I Be?» | David Crosby | 3:23 |
6. | «Page 43» | David Crosby | 2:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Frozen Smiles» | Graham Nash | 2:17 |
2. | «Games» | David Crosby | 4:02 |
3. | «Girl to Be on My Mind» | Graham Nash | 3:27 |
4. | «The Wall Song» | David Crosby | 4:37 |
5. | «Immigration Man» | Graham Nash | 3:02 |
Studioalbum |
|
---|---|
Samlealbum |
|
Konsertalbum |
|
Tilknytte artiklar |