Goli otok | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar
|
Demografi | |
Folketal | Ingen
|
Goli otok (som tyder «aude øy») er ei øy i Adriahavet utanfor Primorje-Gorski Kotar fylke i Kroatia. Øya er gold og ikkje folkesett, bortsett frå litt vegetasjon på sørsida av øya, der ein òg finn fleire viker.
Under den første verdskrigen sende Austerrike-Ungarn russiske fangar frå austfronten til Goli otok.
I 1949 vart heile øya offisielt omgjort til eit sikkert fengsel styrt av det sosialistiske Jugoslavia. Fram til 1956, gjennom Informbiro-perioden, vart øya brukt til å fengsle politiske fangar. Desse inkluderte kjende stalinistar, men òg andre frå kommunistpartiet eller til og med vanlege borgarar som vart tiltalt for å vise sympati med Sovjetunionen.
Fangane måtte gjere tungt arbeid i eit steinbrot, uansett vêr. Om sommaren er det 35-40 °C i området, og om vinteren bles ofte den iskalde boravinden. Dei vart ofte utsette for vald og audmjuka.
Etter Josip Broz Tito sitt regime betra forholdet til Sovjetunionen vart fengselet eit provinsfengsel i Sosialistrepublikken Kroatia. Frå denne tida vart det brukt til å fengsle nasjonalistar, og seinare vanlege kriminelle.
Fengselet vart stengd i 1988, og sidan den gong er øya berre stundom vitja av turistar og sauegjetarar frå Rab.
Istria | Brijuni · Crveni Otok |
---|---|
Kvarner | |
Nord-Dalmatia | Dugi Otok · Gangarol · Ist · Iž · Jadra · Kakan · Kaprije · Kornati · Kurba · Lavdara · Lavrnaka · Lavsa · Maun · Molat · Murter · Olib · Pag · Pašman · Planik · Premuda · Prvić · Riva · Sestrunj · Sliba · Škarda · Škrda · Tijat · Tramerka · Ugljan · Veli Arta · Veli Smokvica · Vir · Vrgada · Zlarin · Zmajan · Zverinac · Žirje · Žižanj · Žut |
Sentral-Dalmatia | Biševo · Brač · Brusnik · Budihovac · Drvenik Mali · Drvenik Veliki · Čiovo · Hvar · Ravnik · Stipanska · Svetac · Sveti Klement · Šcedro · Vis |
Sør-Dalmatia |