Godske Nielsen

Fødd11. august 1847
Holmestrand kommune
Død26. november 1920 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist
FarWilhelm Nielsen
Alle verv

Godske Joachim Weidemann Nielsen (fødd 11. august 1847 i Holmestrand, død 26. november 1920 i Kragerø) var ein norsk jurist og politikar. Han var stortingsmann for partiet Høgre i til saman seks år. Stortingsmann Wilhelm Nielsen var far hans.

Nielsen vart student frå Kristiania katedralskole i 1866 og cand.jur. i 1871. Frå 1872 til -86 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig i Bamble, og han var 1874-94 overrettsaksørar i Kragerø. Etter eit par års mellomspel som politimeister og magistrat i Kragerø, var han frå 1898 sorenskrivar i Bamble og Kragerø, og frå 1898 også byfut.

Nielsen var medlem av Kragerø bystyre frå 1882, bortsett frå då han var politimeister (1984-96). Valperioden 1908-10 var han ordførar. Han var medlem i felleskomiteen for Vestlandsbanen i 20 år.

Nielsen representerte einmannskrinsen Kragerø på Stortinget 1903-06 og på ny 1913-15. I ein mellomliggande periode var han varamann frå Kragerø og møtte i staden for Ambortius O. Lindvig både på tampen av 1910- og 1911-sesjonane, i 1912 møtte han allereie frå 6. mars. Nielsen var medlem i Justiskomiteen og Lagtinget åra 1903-06, Tollkomiteen 1910-12 og Militærkomiteen 1913-15.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]