Garnfiske er ein type fiske der ein nyttar garn for å fanga fisk eller andre dyr i havet. Ein kan driva garnfiske frå båt eller frå land, med fleire ulike typar garn.
Garnfiske går tilbake til steinalderen. Det eldste fiskegarnet ein har funne var eit seljenett frå Antrea i Karelia datert til 8300 f.Kr.[1] Ein har også funne garnsøkke i Korea frå 27000 f.Kr., dei eldste ein kjenner i verda.[2]