Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Skule i Harry Potter-serien
Modellen av Galtvort på Warner Bros. Studio Tour: The Making of Harry Potter, som er brukt i filmane.
Galtvort
Type Kostskule
Stifta ca. 900 e.kr.
Stifta av Gurdik Griffing, Helga Håsblås, Salazar Smygard og Rasla Ravnklo.
Lokalisert Storbritannia, nær Dufftown.
Motto Draco dormiens nunquam titillandus (latinsk, tydar på norsk: Kitle aldri ein sovande drake)
Faste busette Gnav og Husspøkelsa, i tillegg til studentane og lærarane unntatt skuleferiar.
Fyrste opptreden Harry Potter og de vises stein

Galtvort (engelsk Hogwarts) er ein fiktiv trollmannskule i Harry Potter-serien av J.K. Rowling. Skulen skal ligge i Storbritannia og dei fleste hekser og trollmenn her går på skulen (ein kan gå på andre trollmannskular òg). Skulen er ein kostskule som tek elevar frå 11 til 18 år. Utdanningssystemet er ganske likt det som er elles i Storbritannia, bortsett frå at dei fleste faga dreier seg om magi, då dette er det einaste unge magikarar treng å læra særleg mykje om. J.K. Rowling har sagt at skulen har 1 000 elevar, seinare modererte ho dette talet til 600.

Område i og utanfor borga

[endre | endre wikiteksten]
Oversyn over plasseringa til dei ulike husa i storsalen på Galtvort

Når Harry og klassekameratane brukar det til å øve i møta i Humlesnurr-Legionen finn dei eit stor rom med utstyr dei kunne bruke til øvinga.

Husa ved Galtvort

[endre | endre wikiteksten]

Husa på Galtvort fungerer som klassar til elevane. Ein deler oppholdsrom saman med dei andre i same hus, og elevane i same hus som er like gamle utgjer ein klasse. Husstyraren er ein lærar.

I starten, då dei fire stiftaraen sjølve dreiv skolen, var det dei som bestemte kva for elevar som skulle i dei ulike husa. Som eit utgangspunkt kan ein seie at dei modige elevene hamnar i Griffing, dei kloke (skoleflinke) i Ravnklo, dei flittige i Håsblås og dei som strebar mot makt i Smygard.

I ettertid har den gamle hatten til grunnleggjaren av Griffing blitt brukt som valmekasisme for elevane. Hatten er kalla for Valhatten og bur på kontoret til rektor. Alle førsteklassingane som kjem til Galtvort, blir den første kvelden plasserte i eit hus gjennom Valhattseremonien. Nokre av minna til grunnleggjarane vart plasserte i Valhatten slik at han kan velje kven som kjem i dei ulike husa.

Skulefag

[endre | endre wikiteksten]
Filmsett av The Great Hall, Galtvort høyere

Trylleformlar

[endre | endre wikiteksten]

Trylleformlar-faget er det mest bråkete faget, der ein lærer alt frå vifte tryllestaven nøyaktig til lære om objekt og rørsler. Trylleformlar blir undervist frå 1.- til 5.- klasse, men ein kan halde fram å studere det på Ø.G.L.E-nivå om ein ønskjer i 6.- og 7.- klasse.

J.K. Rowling har uttalt at ho ville undervist i Trylleformlar dersom ho vart lærar på Galtvort.

Forsvar mot svartekunstar

[endre | endre wikiteksten]

Forsvar mot svartekunstar er faget der ein lærer å forsvare seg mot dei mørke kreftene i magiverda. Dette er læra om korleis ein avverkar og kjempar mot svarte vesen som hambuser.

Eliksirar

[endre | endre wikiteksten]

I eliksirar lærer ein korleis ein lagar eliksirar for å motverke og påverke forskjellige sjukdomar. Ein lærer òg å laga medisinar mot lukkeeliksiren og kjærleikseliksiren, samt eliksirlære, ingrediensar og korleis folk blir påverka av dei.

Transfigurasjon

[endre | endre wikiteksten]

Ved hjelp av konsentrasjon, ei presis vifting med tryllestaven og nøyaktig uttale av riktig trylleformel, kan ein lære kunsten å transfigurere, forvandle og endre form på eit objekt. Dette faget krev stor konsentrasjon og er eit av dei vanskelegaste og farlegaste faga. Tekstbøker i faget

Astronomi

[endre | endre wikiteksten]

I Astronomi studerer ein universet. Undervisininga tek plass i Astonimitårnet.

Magihistorie

[endre | endre wikiteksten]

Faget magihistorie blir lært bort av professor Kiste.

Urtologi

[endre | endre wikiteksten]

Urtologi, på engelsk Herbologi er læra om magiske planter og urter. Kjente professorer her er Herbert Beery (på engelsk), Pomona Stikling (Pomona Sprout), Nilus Langballe (Neville Longbottom).

Valfag

[endre | endre wikiteksten]

Alle elevar må ta minst to valfag i sitt tredje år, som ein kan halde fram med i femte klasse.

Gompologi

[endre | endre wikiteksten]

Gompologi inneheld pensum om gompar (umagiske menneske) og korleis ein ser på gompar i trollmannsverda. Nokre av lærarane som har undervist i Gompologi, er:

Stell av magiske vesen

[endre | endre wikiteksten]

Stell av magsike vesen (på engelsk: Care of magical creatures) er eit fag som inneber læra om magiske vesen, særleg korleis ein skal stelle dei. Undervisinga blir halden utandørs.

Clairvoyanse

[endre | endre wikiteksten]

I clairvoyanse lærar ein bla. å sjå inn i framtida, spå i teblad frå tekoppar og tyde omen. Læraren i dette faget er Professor Rummelfiold.

Oldruner

[endre | endre wikiteksten]

Dette teoretiske faget går ut på å tyde magiske språk, teikn og gamle runeskrifter. Hermine Grang tok dette faget. Ho klarte det på både U.G.L.E.-nivå og Ø.G.L.E.-nivå.

Artimantikk

[endre | endre wikiteksten]

Artimantikk er yndlingsfaget til Hermine Grang, og Professor Hektor ein av lærarane. Dette faget er valfritt og handlar om kunsten å spå tal.

Vesen ved Galtvort

[endre | endre wikiteksten]

Sjå også Vesen i Harry Potter-serien.

Domkyrkje i Durham, brukt som Galtvort i filmane.
Modell av Galtvort.

Han skriv stygge ord på tavlene, drar vekk teppa når nokon går på dei, hiv krit på elevar og mykje anna. Dei einaste som har kontroll over han er rektoren og den blodige baronen, som er Smygards hus-spøkjelse. Gnav har stor respekt for baronen og kallar han for eksempel «deres blodighet».

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Etter at Humlesnurr døyr i slutten av boka Harry Potter og Halvblodsprinsen, tek Severus Slur over som rektor.[1]

Slaget om Galtvort

[endre | endre wikiteksten]
Galtvort
Dato 2. mai 1998
Resultat Avgjerande siger for Føniksordenen, Humlesnurr-legionen. Slutten av andre krigen i trollmannsverda. Oppløysning av dødsetarane og samanbrotet av Voldemorts kontroll over Magidepartementet.
Omkomne m.a. Severus Slur, Fred Wiltersen, Nympadora Dult, Remus Lupus, Fyrst Voldemort, Nagini, Bellatrix DeMons og 50 andre.


Slaget om Galtvort er eit fiktivt slag i boka Harry Potter og dødstalismanene, som føregjekk 2. mai 1998 på Galtvort.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Harry Potter og dødstalismanene av J. K. Rowling.
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.