GNOME | |||
| |||
| |||
Utviklar | GNOME Foundation, The GNOME Project, GNU-prosjektet | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 15. august 1997[1] | ||
Nyaste versjon | 46.3 (12. juli 2024)[2] | ||
Operativsystem | Multiplattform (Linux, BSD, Solaris) | ||
Skriven i | C, C++, C#, HTML, JavaScript, Vala, Perl, Python | ||
Sjanger | Skrivebordsmiljø | ||
Lisens | GPL 2.0+ | ||
Nettstad | https://www.gnome.org/ |
GNOME (GNU Network Object Model Environment) er eit skrivebordsmiljø for Linux og Unix-liknande operativsystem.
Opphavleg var KDE det einaste tilgjengelege skrivebordsmiljøet. Mange såg det som eit problem at KDE var knytt til Qt-verktøya, som då ikkje var gjeve ut under GPL-lisensen. GNOME-prosjektet vart difor skipa i august 1997 av Miguel de Icaza og Federico Mena.
I staden for Qt bruker GNOME GTK+, som er under LGPL-lisensen. GTK+ var opphavleg utvikla for eit anna programvareprosjekt, The Gimp, som er eit biletmanipuleringsprogram.