Fylkesveg 83
83
Strekning
Langvassbukt i KvæfjordHarstad
Fylkesveg 83
Informasjon
Lengd 45,5 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 83 Fylkesveg 83
Sjå òg fylkesveg 83 (fleirtyding)

Fylkesveg 83 (Fv83) går mellom Langvassbukt i Kvæfjord kommune og Harstad kommune. Vegen følgjer Gullesfjorden til Flesnes, ferje over fjorden til Revsnes, så Gullesfjorden og Kvæfjorden til Gåra, og over Kvæfjordeidet til Harstad.

Vegen heitte tidlegare riksveg 850. Før 1. januar 2010 var vegen del av riksveg 83.

Mellom Langvassbukt og Flesnes er vegen til dels rasfarleg, og ein del av strekninga (Bogklubben) er smal og dårleg. Når vegen er stengd, går ferja mellom Revsnes og beredskapsferjeleiet på Forøysætran ved Langvassbukt.

I oktober 2007 starta bygginga av Kvæøysambandet opp, med skogrydding og masseuttak ved Salen på Hinnøya.[1] I samband med bygginga av Kvæøysambandet blei riksveg 83 ved Salen senka 3 meter.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Troms

[endre | endre wikiteksten]
Kvæfjord kommune
Harstad kommune

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Statens vegvesen: Kveøyforbindelsen realiseres[daud lenkje] (18. september 2007)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]