Fylkesveg 64 | |||
---|---|---|---|
64 | |||
Strekning | |||
Åndalsnes – Kristiansund | |||
![]() | |||
Informasjon | |||
Lengd | 126,7 km | ||
Status Fylke |
fylkesveg Møre og Romsdal | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() ![]() ![]() |
Fylkesveg 64 (Fv64) ligg i Møre og Romsdal og går mellom Åndalsnes i Rauma via Molde, Eide og Kristiansund. Ser ein bort frå ferjestrekningane er vegen 126,7 km lang.
Atlanterhavsvegen er ein del av Fv64. Frå kryss Fannefjordtunnelen på Årø til kryss Årødalen, fylgjer vegen ei kort strekning same trasé som E 39. Tidlegare fylgde vegen ferje mellom Ørjavik i Eide og Tøvik i Averøy og mellom Bremsnes i Averøy og Kristiansund. Desse ferjestrekningane er erstatta av høvesvis Atlanterhavsvegen og Atlanterhavstunnelen.
Heile traseen går såleis: Åndalsnes – Åfarnes ... Sølsnes – Bolsøya – Fannefjordtunnelen – Årø i Molde – Årødalen – Skaret – Malmedalen – Sylte – Eide – Vevang – Atlanterhavsvegen – Averøy – Bremsnes – Atlanterhavstunnelen – Kristiansund
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men han har no status som fylkesveg etter at forvaltingsreforma trod i kraft.