Måsar på Føsundbrua i Bjordal.

Fylkesveg 5586 går mellom Ytre Oppedal i Gulen kommune og Hest i Høyanger kommune i Vestland fylke. Vegen er 30,3 km lang.

Fram til 2019 hadde vegen nemninga fylkesveg 8 i Sogn og Fjordane.[1]

Historikk

[endre | endre wikiteksten]

I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.[2]

Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traseen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet. I 1972 var vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk, i 1976 Bjordal–Søreide og 1980 Mjølsvik–Ortnevik. Ferjesambandet mellom Ortnevik og Nordeide opna i 1983 Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.[2]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Måker på Føsundbrua.
Foto: L.C. Nøttaasen (2009)

Gulen

Sørsidevegen

  •  
Fylkesveg 5586 Sognevegen frå Ytre Oppedal mot 569 Flotane i Alver
  • bru Indre Oppedal bru (Storelva, 26 m)

Høyanger

Sørsidevegen

  • Arm fra Ikjefjord bru til Østerbø (6,3 km)
  • Ikjefjordvegen
    • tunnel Rambergtunnelen (400 m)
  • Ikjeneset
  • Ikjefjord
    •  
    Kv Ikjefjord til Øystrebø
    •  
    Fv5442 Sørsidevegen frå Hest til ferje Ortnevik–Måren–Nordeide

    Kjelder

    [endre | endre wikiteksten]
    1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 
    2. 2,0 2,1 Kristin Ese (2005). «Sørsidevegen i Høyanger». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Henta 25. januar 2016. 

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]