Fulufjellet nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hedmark | ||
Kommune | Trysil | ||
Del av | Dei skandinaviske fjella | ||
Høgaste punkt | Slottsfjellet | ||
• høgd | 1 047 moh. | ||
Areal | 83 km² | ||
Geologi | sandstein | ||
Planter | tyrihjelm, turt, skogstorkenebb, huldreblom, mogop | ||
Oppretta | 27. april 2012 | ||
Tilknytte verneområde |
Fulufjällets nasjonalpark | ||
Fulufjellet nasjonalpark 61°24′00″N 12°47′00″E / 61.4°N 12.78333333°E | |||
Wikimedia Commons: Fulufjellet nasjonalpark |
Fulufjellet nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i eit lågfjellsområde i Trysil kommune i Hedmark, på austsida av Ljøraelva mot grensa til Sverige. Parken vart oppretta i 2012 for å «bevare et stort naturområde som inneholder særegne, representative økosystem som er uten tyngre naturinngrep, herunder artsfattig fjellvegetasjon og artsrik barskog.»[1][2] Han dekker eit område på 83 km².[3]
Nasjonalparken grensar opp mot den langt større Fulufjällets nasjonalpark i Sverige, som vart skipa i 2002, og til Fregn naturreservat som vart oppretta samtidig med den norske nasjonalparken.[4][5]
Den svenske og den norske nasjonalparken består av eit samla fjellplatå med omliggjande daler og sider. På norsk side er platået delt i tre delar av dei to elvene Bergåa og Gira som skjer seg inn i platået.
Området omfattar særprega kvartærgeologiske førekomstar og høgareliggande urskogprega barskog med eit stort naturmangfald.
Langs fjellsidene og på høgder og toppar finst det både gran- og furuskog, bekkekløfter og rasmarker med høge naturverdiar. Vegetasjonen i snaufjellet er lite variert og området representerer, både nasjonalt og internasjonalt, ein ekstremt artsfattig fjellvegetasjon. Området Storgnollen-Steinknøsen-Furuknøsen har landskapsmessige og kvartærgeologiske verdiar.[6] Kombinasjonene av variert topografi med store høgdeforskjellar, blokkmark og gjel/nedskjeringar gjer området Storgnollen–Steinknøsen–Furuknøsen særskild interessant.[7]
Fjella er stort sett dekka av heivegetasjon dominert av dvergbuskar, gras, starr og siv. Det meste av skog i området er gran og furu. Delar av skogen har urskogpreg med rikt artsmangfald. Det er funne mange sjeldne lav- og soppartar i nasjonalparken.[8]
Bjørn er ein karakterart i området, men det finst også ulv, jerv og gaupe her. Fuglelivet er prega av tiur, orrfugl, jerpe og rype.
Området vert mykje brukt til jakt, fiske og friluftsliv, og det er opning for dette i vernevedtaka. Forvaltinga av parken er lagt til eit lokalt nasjonalparkstyre.