Fuglemating er det å mata ville fuglar med særskild tilpassa fuglemat av frø, dyreprodukt, sukkerløysing eller matrestar.[1] Det finst fleire grunnar til at ein vil mata fuglar. Folk kan gjera det som fritidssyssel eller underhaldning, av tradisjon, som ein målretta innsats for å hjelpa ein truga art eller for å oppdretta jaktbare artar i naturen. Fuglemating er ein av dei vanlegaste måtane for menneske å ha forhold til ville dyr på i Vesten.[1]
Ein finn omtale av fuglemating i hindutekstar som skildrar bhutayajna, ei offerform der ein gjev mat til levande vesen som fuglar. Dette er ein tradisjon som framleis blir halden i hevd.[2] Den britiske naturforskaren James Fisher nemner den heilage munken Serf frå Fife, som levde på 500-talet, som den fyrste personen som er dokumentert til å ha mata fuglar. Han skal ha temd ei due ved å mata henne.
I Norden har det vore tradisjon i fleire hundreår å setja opp fuglenek med korn på til jul. Julenek eller kornband av havre kan sporast tilbake til 1700-talet, men er truleg vesentleg eldre. Før i tida var bøndene redde for småfuglane, som kunne laga stor skade på frøa. Dei trudde at om fuglane fekk ein eigen bit av dei fine, dyre frøa til jul, ville dei vera mindre glupske resten av året.
Vinteren 1890–1891 var svært hard i Storbritannia, og nasjonale aviser oppfordra folk til å leggja ut mat for fuglane. I 1910 erklærte Punch at fuglemating var blitt ein nasjonal fritidssyssel.[3] I dag er det vanleg å mata fuglar heile året i Storbritannia.[4] Fuglemating er òg den nest vanlegaste hobbyen i USA, etter hagearbeid.[5] Februar blei utnemnd til «National Bird-Feeding Month» av Kongressen i 1994.[6]
Ein fôrar særleg ville fuglar vinterstid, då tilgang på næring er mindre og fuglar treng energi for å overleva. Maten består då ofte av ulike matblandingar. Dette kan vera fuglefrø, til dømes frø frå solsikke, hirse og hamp, eller ulike animalske produkt som ein talgball. I område der det finst kolibriar og andre nektarsugande fuglar, kan ein bruka spesielle matarar for sukkerløysing.
Det finst ei mengd ulike typar av fuglematarar for foring av ville fuglar. Visse matarar som er tilpassa frø, er utforma som avlange røyr med hòl og sitjepinnar. Andre er utforma som plattformer, eller som små hus, og blir då ofte kalla for fuglebrett. Utforminga av fuglemataren skal i størst mogleg grad bidra til at ein kan unngår ureining frå avføringa til fuglane eller frå matrestar. Det er òg viktig at halda rovdyr av ulike slag unna. Vanlegvis kan ein henga mataren i ei line, eller setja han på ein stolpe, for å gjerda det vanskeleg for andre dyr å koma til maten og fuglane. Ein talgball er ein feittball som dannar sin eigen matar ein kan henga opp for småfuglar.
Ein set gjerne opp fuglebrett med tanke på småfuglar, men dei blir ofte òg vita av ekorn og kråker. Ved mating av ville rovfuglar kan ein nytta åte, men dette må ein typisk ha løyve til.
Til skilnad frå ein fuglekasse er ein husliknande fuglematar berre meint for matauke. Fuglematarar kan bera potensielle risikoar for fuglane som et der, til dømes sjukdom,[7] feilernæring[8] og predasjon frå husdyr.[9] Forskarar anbefaler at ein desinfiserer fuglematarar kvar gong ein tømmer dei.[7] Ein bør ikkje gje fuglar mat som inneheld mugg, salt eller safran.[10]
Ein studie utført i Sheffield i England, fann at talet på hagefuglar auka med nivået av fôring. Denne effekten var berre tydeleg hjå dei artane som regelmessig tok til seg tilskuddsfôr, noko som aukar moglegheita for at fuglefôring hadde ein direkte effekt på talet deira. Derimot hadde tettleiken av fôringsstasjonar ingen effekt på kor mange forskjellige fuglearter som var tilstades i eit nabolag.[11]
Fuglemating kan òg ha negative effektar. Mykje mating kan føra til for mange fulglar på ein stad, som kan ha negative effektar på nærområdet. Matrestar kan òg føra til ureining.[12] I nokre byar er det innført forbod mot å mata fuglar på grunn av dette.[13]