Frode Andresen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1973 (50 år)
Rotterdam
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's relay

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Frode Andresen i 2008.

Frode Andresen (fødd 9. september 1973) i Rotterdam i Nederland er ein tidlegare norsk skiskyttar og langrennsløpar frå Hønefoss. Han vart verdsmeister i skiskyting i 2000, då han vann sprintøvinga under VM i Oslo. Fem år tidlegare var han med på det norske laget som vann lagkonkurransen under VM i skiskyting 1995, og i 2002 vart han olympisk meister i stafett med Noreg. I alt vann han tre gullmedaljar, tre sølvmedaljar og fire bronsemedaljar i dei store internasjonale meisterskapane. Andresen er sambuar med den tidlegare skiskyttaren Gunn Margit Andreassen.

Karriere

Skiskyting

Andresen vann junior-NM i sprint i 1991 og var frå 1994 på det norske elitelaget i skiskyting. Han vann si fyrste NM-medalje same året, då han tok bronsen på 10 km i Orkdal. Året etter deltok han i sitt fyrste verdsmeisterskap og vart nummer ti på yndlingsdistansen 10 km. Han gjekk også den lite påakta lagtevlinga, der det vart norsk VM-gull. I 1996 vart han noregsmeister på 10 km, trass i at han måtte gå tre strafferundar. Same sesongen var han beste nordmann då han kom på femteplass i VM på same distansen.

Under vinter-OL i Nagano fekk Andresen sølvmedaljen på 10 km, bak landsmannen Ole Einar Bjørndalen. I 1999 pådrog han seg to strafferundar på 10 km under VM i Kontiolax, og måtte då nøye seg med bronsemedalje ettersom både verdsmeisteren Ludwig Gredler frå Austerrike og sølvvinnaren Patrick Favre skaut fulle hus. Han fekk ein ny bronse då han gjekk tredjeetappen for Noreg på stafetten.

Andresen opplevde høgdepunktet som idrettsmann då han vart verdsmeister på 10 km i Holmenkollen i 2000. Med ei strafferunde gjekk han i mål på tida 23.51,2, nok til å slå andremann Pavel Rostovtsev frå Russland, som skaut prikkfritt, med over ni sekundar. Seinare i meisterskapen gjekk Andresen den andre etappen for Noreg på stafetten, der det vart sølvmedalje etter Russland. Etter ein bronsemedalje på VM-staetten lukkast Noreg endeleg å vinne stafettgull under dei olympiske leikane i Salt Lake City. Halvard Hanevold, Frode Andresen, Egil Gjelland og ankermannen Ole Einar Bjørndalen syrgde for norsk siger, den fyrste i øvinga på 35 år.

Under vinterleikane i Torino i 2006 vann Andresen si siste OL-medalje. Han vart då nummer tre etter olympiameisteren Sven Fischer frå Tyskland og sin eigen landsmann Halvard Hanevold. Etter 2007 sleit Andresen med å hevde seg med mot verdseliten i skiskyting.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Langrenn

Andresen hadde sin styrke som skiskyttar i langrennssporet, og representerte Noreg nokre gonger i verdscupen i langrenn. Han debuterte i verdenscupen i langrenn i finske Muonio i november 1998. Andresen vann både gull, sølv og bronse i NM-øvingar i langrenn. I 2003 slo dei to skiskyttarane Lars Berger og Frode Andresen resten av den norske langrennseliten på 30 km under NM i Molde og vann høvesvis gull og sølv. På den spesielle NM-femmila i 2009, som gjekk over fjellet til Røros, rykte Andresen frå ein anna skiveterane, Anders Aukland og sikra seg sin fyrste og siste NM-tittel i langrenn. Andreasen gjekk totalt seks individuelle renn i verdscupen i langrenn, der ein åttandeplass frå femmila i Holmenkollen 2008 er hans beste resultat.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Frode Andresen vart tildelt Egebergs Ærespris i 2009.

Kjelder