Forvaring er ein av straffereaksjonane i det norske rettssystemet. Forvaring kan føre til fengsel livet ut, på grunn av at den opphavlege dommen kan bli forlenga eit uavgrensa tal gonger.
Straffereaksjonen forvaring er heimla i Straffelova § 39 c, der det står:
Det er berre lovbrytarar vurdert som strafferettsleg tilreknelege som kan bli dømde til forvaring i tillegg til, eller i staden for, vanleg straff. Personar retten vurderer som utilreknelege i gjerningsaugneblinken, kan ikkje bli dømde til forvaring, men kan idømmast særreaksjonar som tvunge psykisk helsevern eller tvungen omsorg. Forvaring kan berre brukast dersom vedkomande har utført eller forsøkt å utføre eit brotsverk som har krenkt samfunnet sine grunnleggjande rettsgode, andres liv, helse eller fridom. Døme på slike brotsverk er drap, vald, seksualbrotsverk og eldspåsetjingar. I tillegg må det vera ein reell fare for at vedkomande vil koma til å gjenta den handlinga han eller ho er dømd for.
I dom om forvaring skal retten fastsetje ei tidsramme som vanlegvis ikkje bør overstige 15 år, og ikkje kan overstige 21 år. Etter begjæring frå påtalemakta kan retten likevel ved dom forlenge den fastsette ramma med inntil 5 år om gongen. Sak om forlenging skal reisast ved tingretten seinast tre månader før forvaringstida er utløpt. Det skal òg fastsetjast ei minstetid for forvaringa, som ikkje må overstige 10 år.
Forvaring er ein av tre straffereaksjonar som erstatta den tidlegare juridiske nemninga sikring ved lovendring den 1. januar 2002.