Ford Motor Company er ein bilprodusent som vart grunnlagt av Henry Ford i Highland Park i Michigan i 1903. Den første fabrikken låg i Detroit i USA, men Ford har no fabrikkar og samarbeidspartnarar i alle verdensdelar. Ford produserer personbilar, varebilar og lastebilar.
I perioden 1917-1986 produserte Ford traktorar, fram til 1964 under merkenamnet Fordson og så under namnet Ford[4]. I 1986 vart traktoravdelinga skild ut frå moderføretaket og lagt saman med FiatAgri, som i 1999 vart til New Holland.