Finnegans Wake

Forfattar(ar)James Joyce
Språkengelsk
Blei til1923
Sjangersui generis, eksperimentell litteratur, Menippean satire
Utgjeven4. mai 1939
ForlagFaber & Faber

Finnegans Wake er den siste romanen til James Joyce. Han kom ut i 1939, 17 år etter Ulysses. Namnet på verket er henta frå den irske songen «Finnegan's Wake».

Verket har ein svært særmerkt, vanskeleg tilgjengeleg stil. Språket i boka er engelsk men blanda med over 60 andre språk i eit einaste samansurium av ordspel både på engelsk og dei andre språka. Teksten er spekka med allusjonar og skjulte sitat, ofte endra slik at to sitat er fletta inn i kvarandre. Sjølve handlinga blir i alt dette skjult eller i beste fall svært vanskeleg å få tak i. Litteraturvitarar og andre har sidan utgjevinga diskutert den eigentlege meininga med verket. Medan til dømes Harry Burrell har brukt eit titals år på å påvisa korleis heile verket eigentleg handlar om skapingssoga i Bibelen, har andre understreka korleis ein slik analyse reduserer nettopp det kaoset Finnegans Wake er meint å vera.

Stil

[endre | endre wikiteksten]

Den første setninga i verket viser skrivestilen:

riverrun, past Eve and Adam's, from swerve of shore to bend of bay, brings us by a commodius vicus of recirculation back to Howth Castle and Environs.

Norsk

[endre | endre wikiteksten]

Siden Joyce tok utgangspunkt i Dublin og irsk historie, er det naturleg at det er mykje norsk materiale i Finnegans Wake. Til dømes er ei av historiene som blir fortalde i boka om ein norsk skreddar, og ord som bakvandets, Knut Oelsvinger eller Bygmester Finnegan. Dette siste sitatet viser også at Joyce brukte Ibsen: stort sett alle verka til Ibsen, mange av figurane hans og også nokre sitat fletta inn i nettverket av tekst. Joyce beundra Ibsen, og då han blei kjend med Nora Barnacle, nemnde han den andre Nora, hovudpersonen i Et dukkehjem, men frøken Barnacle visste ingenting om henne. Medan Joyce jobba med Finnegans Wake ønskte han å leggja inn referansar til skandinavisk språk og litteratur, og han hyra etterkvart fem norsklærarar. Den første av dei var Olaf Bull. Joyce ønskte å lesa norske verk på originalspråket, mellom anna Norrøne Gude- og Heltesagn av Peter Andreas Munch. Han var på jakt etter ordspel og sære assosiasjonar på tvers av språkbarrierane, og dette var noko Bull kunne leve seg inn i. Linjer frå dikta hans går igjen i «dette spindelvev av ord», som Joyce sjølv kalla Finnegans Wake, og Bull sjølv dukkar opp der under namnet «Olaph the Oxman».[1]

Utgåver

[endre | endre wikiteksten]

Sidan verket er så ugjennomtrengeleg og krev så mykje tolking, har den første utgåva blitt den einaste utgåva. Alle utgåver av Finnegans Wake har same sidetal og likt tal linjer på kvar side, slik at det skal vera lettare å referera til stader i teksten.

Verket er ikkje blitt omsett til norsk, men forfattaren Leif Høghaug er i gang med eit prosjekt for å omsetja verket som er tenkt å vara ferdig i 2020. Den norske gjendiktinga av Finnegans Wake vil koma ut på Samlaget. Han vil nytta «mylderet vi har av dialekter, nynorsk, riksmål og bokmål, og alt dette som støytar saman i ein kakofoni» i attdiktinga.[2]

Påverknad på andre fagfelt

[endre | endre wikiteksten]

«Three quarks for Muster Mark» (frå side 383) er opphavet til omgrepet «kvark» i fysikken.

Finn's Hotel

[endre | endre wikiteksten]

I 2013 blei Finn's Hotel, som er ei samling av ti korte tekstar skrivne av Joyce i 1923, gjeven ut på Ithys Press. Forlaget meinte boka burde lesast som ein forløpar for Finnegan's Wake.[3]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Fredrik Wandrup: «Norsklærer Bull», Dagbladet 22.juni 2004
  2. «Finnegans Wake på norsk», Mynewsdesk (på norsk), henta 24. februar 2020 
  3. "Finn's Hotel by James Joyce", Ithys Press

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Sekundærlitteratur

—, Here Comes Everybody: An Introduction to James Joyce for the Ordinary Reader (1965); også publisert som Re Joyce. —, Joysprick: An Introduction to the Language of James Joyce (1973)

—, The Sigla of Finnegans Wake. (University of Texas Press, 1976) —, The Finnegans Wake Experience. (University of California Press, 1981)