Filovirus | |
Systematikk | |
Rike: | Orthornavirae |
Rekkje: | Negarnaviricota |
Underrekkje: | Haploviricotina |
Klasse: | Monjiviricetes |
Orden: | Mononegavirales |
Familie: | Filovirus Filoviridae |
Filovirus (Filoviridae) er ein familie av virus i ordenen Mononegavirales. Virusa i familien har membranar og er ofte trådforma. Genoma deira har negativ polaritet og ein storleik på 15-19 kilobasar.[1]
Typearten for familien er marburgviruset. Eit anna døme på eit filovirus er ebolaviruset.[1] Båe virusa kan valda sjukdom hjå menneske, og vert rekna for å krevja det høgste nivået av biologisk tryggleik av amerikanske styresmakter.[2]