Everything Must Go Studioalbum av Steely Dan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. juni 2003 | |
Innspelt | 2001 - 2003 | |
Studio | Sear Sound (NYC), Skyline Studios (NYC), River Sound (NYC), Hyperbolic Sound (Maui), Bearsville Studios (Bearsville); miksa i Presence Studios (Weston, CT);[1] mastera i Sony Music[2] | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 42:24 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Walter Becker, Donald Fagen | |
Steely Dan-kronologi | ||
---|---|---|
Two Against Nature (2000) |
Everything Must Go |
|
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 71/100[3] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
BBC Music | (positive)[5] |
Christgau's Consumer Guide | [6] |
Entertainment Weekly | B+[7] |
The Guardian | [8] |
Mojo | [9] |
The New York Times | (positive)[10] |
PopMatters | [11] |
Q | [12] |
Rolling Stone | [13] |
Slate | (positive)[14] |
Sputnikmusic | [15] |
Uncut | [16] |
Everything Must Go er det niande studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Steely Dan. Det kom ut 10. juni 2003 på Reprise Records, og var det andre albumet deira etter ein 20 år lang pause i studio frå 1980 til 2000, då dei gav ut Two Against Nature. Everything Must Go er òg det siste studioalbumet deira så langt og det siste med Walter Becker som døydde i 2017.
«Godwhacker» utvikla seg frå ein blasfemisk tekst Fagen skreiv nokre dagar etter mora døydde av Alzheimers. «Han handlar om ei elitegruppe av leigemordarar som har som einaste oppgåve å kome seg inn i himmelen og ta livet av Gud», sa han seinare. «Om guddomen faktisk eksisterte, kva for ein fornuftig person ville ikkje ha rekna dette som eit forsvarleg drap?»[17]
Everything Must Go fekk blanda meldingar då det kom ut. Under ein konsert i Greek Theatre i Los Angeles den 8. juli 2011, sa Donald Fagen at han følte at albumet var «undervurdert».[18]
Everything Must Go kom òg ut på DVD-audio med ein fleirkanalsmiks.[19]
Ei spesialutgåve med ein CD og ein DVD vart òg gjeve ut. DVD-en inneheld Steely Dan Confessions, som følgjer Becker og Fagen på turné i Las Vegas etter timar i ein taxi for å marknadsføre albumet i ei spesialutgåve av HBO-programmet Taxicab Confessions.[20][21]
Alle songar skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Last Mall» | 3:36 |
2. | «Things I Miss the Most» | 3:59 |
3. | «Blues Beach» | 4:29 |
4. | «Godwhacker» | 4:57 |
5. | «Slang of Ages» | 4:15 |
6. | «Green Book» | 5:55 |
7. | «Pixeleen» | 4:01 |
8. | «Lunch with Gina» | 4:27 |
9. | «Everything Must Go» | 6:45 |
Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
2003 | Billboard 200 | 9 |
2003 | Top Internet Albums | 7 |
2003 | UK Album Chart | 21 |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Singlar |
|
Samlealbum |
|
Tilknytte artiklar | |