Evelin Jahl
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 28. mars 1956 (68 år)
Annaberg-Buchholz
Idrett friidrett
Tok del i OL 1976, OL 1980, EM 1978
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstorden i gull

Evelin Jahl, fødd Evelin Schlaak, (fødd 28. mars 1956) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Annaberg-Buchholz i Sachsen som representerte Aust-Tyskland i diskoskasting og som vann to olympiske gullmedaljar og EM-gull i øvinga.

Aktiv

[endre | endre wikiteksten]

Schlaak overraska stort då ho vann diskostevlinga under Sommar-OL 1976 i Montréal framom Maria Vergova frå Bulgaria, og førehands-favoritten, verdsrekordhaldaren Faina Melnik frå Sovjetunionen. I 1978-esongen sette Jahl, som ho då heitte, verdsrekord i diskoskast med 70,72 m og ho gjekk sidan til topps i øvinga under europameisterskapen i Praha.

Den 10. mai 1980 sette Jahl ny verdsrekord med eit kast i Potsdam som målte 71,50 meter. To månader seinare forsvarte ho OL-tittelen ved Sommar-OL i Moskva. Nett som i 1976 hadde ho hardast konkurranse frå bulgarske Vergova, som hadde skifta namn til Maria Petkova. Men med to kast tett opp under 70 meter og dei fire lengste kast i tevlinga vann Jahl ein klar siger.

Schlaak-Jahl vart austtysk meister i diskoskasting seks år på rad; 1976-81. Ho la opp som aktiv utøvar i 1982 grunna skade. Seinare hadde ho verv i det austtyske idrettsforbundet og i det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF).

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]