Ein etikett, tagg eller merkelapp er eit papir- eller ein pergamentslapp festa til ei vare eller innpakninga hennar, med opplysningar om namnet og innhaldet i vara. Dei engelske orda label, tag og sticker svarar til dette omgrepet.
Ein etikett inneheld opplysningar til kunden om mellom anna varetype, innhald, mengde, kvalitet, haldbarheit, produsent (fabrikat) og pris.[1][2] Etikettar kan vera enkle, handskrivne lappar, men kan også vera små, kunstferdig utførte reklameplakatar trykte på eigne etikett-trykkjeri til bruk på flasker, esker og hermetikk.
Iddis er eit dialektord for etikett, opphavleg frå Stavanger då hermetikkindustrien hadde høgkonjunkturen sin der, frå 1860 til 1960.[3][4] Etikett vart uttala iddikett, og vart så forenkla til iddis, som moglegvis har samanheng med ordet siddis.[3][5]