Erraid | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°17′N 6°21′W / 56.28°N 6.35°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 1,87 km²
|
Høgaste punkt | Cnoc Mòr (75 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute
|
Demografi | |
Folketal | 8
|
Erraid (skotsk-gælisk Eilean Earraid) er ei tidvassøy i Indre Hebridane i Skottland. Ho ligg vest for Mull (som ho er knytt til ved lågvatn) og søraust for Iona.
Øya får om lag 1000 mm nedbør i året[1] og 1350 soltimar årleg, noko som gjer ho til ein av dei tørraste og mest solrike stadane på vestkysten av Skottland. Det ligg fleire mindre øyar rundt Erraid, som Eilean Dubh, Eilean nam Muc, Eilean Chalmain, Eilean Ghomain og Eilean na Seamair.[2]
Det står ein ubrukt signalstasjon for fyra på Dubh Artach og Skerryvore på øya, og fleire hytter som vart bygd for fyrvaktarane.
Det ligg ein velkjend ankringsplass på vestsida av øya kalla Tinker's Hole[3]. Han er djup, men smal og ligg mellom Erraid og den vestlegaste av øyane rundt, kalla Eilean Dubh.[4]
56°17′N 6°21′W / 56.283°N 6.350°W((#coordinates:)): kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side