Erling Jevne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. mars 1966 (58 år)
Lillehammer kommune
Idrett langrenn
Tok del i langrenn under Vinter-OL 1992, Ski-VM 1993, langrenn under Vinter-OL 1994, Ski-VM 1995, 1996 Vasaloppet, Ski-VM 1997, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics

Erling Jevne (fødd 24. mars 1966) er ein norsk tidlegare langrennar frå Øyer i Oppland. Frå 1987 til 2002 tevla han på høgt nivå, han la opp i 2006. Han var klart best i klassisk langrenn og hadde i fleire år fast plass på Noregs stafettlag i verdscup og internasjonale meisterskap. Jevne var med å vinne 4 x 10 km stafett i verdsmeisterskapen både i 1995 og i 1997, i 1998 vart han olympisk meister i same øvinga.

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Jevnes største individuelle prestasjonar var to sølvmedaljar, ei på 50 km under Ski-VM 1997 i Trondheim, den andre på 30 km under dei olympiske leikane året etter. Tre gongar gjekk han til topps i verdscuprenn (1996, 2000, 2001/02). I alt kom han tolv gongar på pallen i verdscupen (3-6-3).

Jevne vart noregsmeister tre gongar, alle gongane (1992, 1994, 1996) på femmila. Han var ein såkalla milslukar, alle dei åtte NM-medaljane vann han på renn over 30 km og 50 km. Jevne var medlem av Øyer IF.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]