Erik Alfsen
Fødd13. mai 1930
Oslo
Død20. november 2019
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, arkitekt
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Erik Magnus Alfsen (fødd 13. mai 1930 i Oslo) er ein norsk matematikar. Han byrja å studere på Universitetet i Oslo i 1949. Frå 1954 til 1955 studerte han ved Institut Henri Poincaré, og då han kom tilbake til Oslo i 1955, tok han eksamen og vart cand.real.. Etter to år som forskingsstipendiat hos NAVF vart han utnemnd til universitetslektor. Frå 1961 til 1962 var han gjesteprofessor i Seattle, etter doktorgraden vart han i 1963 dosent i Oslo. Frå 1975 til 2000 var han professor.

Alfsen har levert mange arbeid innanfor matematisk analyse, særskild i samband med funksjonalanalyse og konveksitet. Han har saman med far sin, Knut Alfsen, gjeven ut eit lærebokverk i matematikk for vidaregåande skule. Sidan 1979 har han vore sterkt opptatt av fredsarbeid. Alfsen var styremedlem i NAVF i to år. Han har òg vore med i Nei til Atomvåpen og Pugwash-rørsla.

Heider

Bibliografi

Kjelder