Erebos (gresk skrift Ἔρεβος) er eit omgrep frå gresk litteratur i oldtida som kan visa til mørkret i underverda, sjølve underverda eller som eit personleggjort vesen som stod for dette. Erebos er mellom anna omtalt i homeriske dikt og av Hesiod.
Som stad bli Erebos skildra som å liggjande i det ytste vest, ved Okeanos, eller djupt inne i jorda. Det kan vera det første området av underverda dei døde kjem til, og blir ofte brukt med same tyding som Tartaros.[1][2][3][4][5]
Hesiod omtalar Erebos som eit mytisk vesen som var eit av dei fem første vesena i verda.[6] Han var son av Khaos og bror av Nyx (natt). Med systera fekk han barna Aither (eter), Hemera (dag) og Kharon (ferjemannen i Hades). Andre barn dei skal ha fått i ulike framstillingar er Hypnos (søvn), Geras (guden for alderdom), Thanatos (død), nymfene Hesperidane, skjebnegudinnene Moirai og Styx (elva i Hades).
Erebos har mellom anna gjeve namn til Mount Erebus i Antarktis via skipet HMS «Erebus».