Eliel Lagercrantz
Fødd26. desember 1894
Død11. juli 1973
NasjonalitetFinland
Områdespråkvitskap
Yrkelingvist, universitetslærar
InstitusjonarHelsingfors universitet

Eliel Lagercrantz (26. desember 189411. juli 1973) var ein finsk fennougrist. Han skreiv magisteravhandlinga si i 1919, og doktorerte i Helsingfors i 1927. I studietida studerte han både i Hamburg, Budapest og Paris. Lagercrantz vart professor i Helsingfors i 1965. Han arbeidde også ved Universitetet i Oslo.

Forskingsområde

Lagercrantz arbeidde framfor alt med samiske språk. Han skreiv grammatikkar for tre til då lite utforska samiske språkformer: nordsamiske sjøsamedialektar, arjeplogsamisk/pitesamisk og vefsnsamisk (sørsamisk). I tillegg skreiv han ei tobands ordbok med nesten 9000 ord, der kvar ordartikkel i detalj gjekk gjennom ordformene i kvar einskild samisk dialekt, frå Røros til Kolahalvøya.

Lagercrantz gav også ut tekstsamlingar over fleire samiske dialektar.

Bibliografi (utdrag)

Bakgrunnsstoff

Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.