Elfquest (Alvefolketnorsk), er ei amerikansk teikneserie som vart påbyrja i 1978, og opphavleg skapt av ekteparet Wendy Pini og Richard Pini. Serien kan reknast til fantasy-sjangeren, med ein dose science fiction blanda inn.

Elfquestverda

Handlinga i teikneserien går føre seg på ein planet med to månar, der det først og fremst bur menneske, men attåt mytiske vette som alvar, troll og andre vesen. Alvane er skilde i ulike stammar, og handlinga i serien følgjer lagnaden til ulveryttarane, ei særskild grein av alvar, og hovdingen deira, Cutter (Skarpegg på norsk). Nemninga «quest» viser til den opphavlege soga, som er ei leiting etter opphavet til alvane på den tomåna planeten, og kvifor dei er der.

Samandrag

Alvane, trolla og dei fe-liknande spinnarane kom opphavleg frå ein annan planet. Folket der, som liknar noko på klassiske romvesen, med langstrakte kroppar, kjegleforma skallar og store auge, lærde seg å nytte ulike slag trolldom før dei laga til store romskip dei nytta for å leite etter liv på andre planetar. Eit av desse skipa tok med seg dei siste levande skapnadene på den opphavlege verda, jordgravande apar og små fivreld-liknande dyr. Trolldomskrafta i skipa gav desse skapnadene vit og æveleg liv likt med dei som styrde, og utvikla seg til troll og spinnarar.

Om bord på dette skipet var det ei gruppe som ville vita om lagnaden til dei andre skipa, og valde den vesle planeten med to månar som mål for ei utforsking. Dei skjøna at menneska der nede åtte eit folkeminne der det levde skapnader like med dei sjølve, og dei valde å lande skipet i det som var mellomalder på den planeten. Nett då di skulle lande tok trolla over og sende skipet kvervlande utor leia. Det landa mange tusen år før dei hadde tenkt det, i tidleg steinalder.

Skapnadene på skipet evna å skifte ham og let, og ville syne seg som alvar for dei menneska dei møtte. Då dei råka dei tidlege steinaldermenneska kom det til at dei skremde menneska drap dei, og jaga dei bort. Skipet, som var gjort om til eit slott, vart ståande tomt i mange år, medan alvane rømde av og tilpasse seg verda. I løpet av nokre ættled var dei kropne ned i storleik til det halve, og dei første alvane vart kalla Dei høge, og rekna som ei ærefylt fortid. Den opphavlege Elfquest-soga er soga om korleis ulveryttarane fann slottet/romskipet att.

Ulveryttarane

Ei alvekvinne av Dei høge, var ein hamskiftar dei kalla Timmain. Ho skjøna det var naud for mat, av di det med tida vart meir og meir istid nord i den verda der folket hennar budde. Ho gjorde seg om til Ho-ulv for å berge folket sitt, men omskiftet var så godt gjort at alvane ikkje makta kalle ho attende i opphavleg form. Timmain fekk ungar med ein ekte ulv, eit blandingsbarn som var kalla Timmorn. Han vart den første ulveryttarhovdingen, og fekk ei etterslekt som bar i seg blod av både alvar og ulvar. Dette folket lever etter skikken til indianarane i Nord-Amerika, veider med spjut og pil og boge, fangar dyr og lever av det dei finn. I løpet av ti ættleder voks dei under hovdingane sine: Timmorn Yellow-eyes (Gulauge), Rahnee Ho-ulven, Prey-pacer (Viltjeger), Two-spear eller Swiftspear (Tvespjut), Huntress Skyfire (Hojeger skyloge), Tanner (Garvar), Goodtree (Godtre), Mantricker (Mannesnarar), Bearclaw (Bjørneklo) og endeleg Cutter (Skarpegg), hovudpersonen i serien.

Menneska i skoglandet der ulveryttarane bur er ikkje glade for å ha dei der. Med tida vert det til fiendskap mellom stammane, og på byrjinga av den opphavlege soga brenn sjamanen til menneska av skogen for å jage dei ut. Ulveryttarane søkjer ly hjå trolla, som lurer dei vidare til ein stor sandmo eller ørken, der det er meininga dei skal gå under. Dei greier seg, og kjem fram til ei anna alvegruppe, Solfolket, som bur midt i ørkenen. Cutter vert hugteken av dottera til ein av desse, Leetah, og som soga held fram, må han tevle om handa hennar med den fremste jegeren i gruppa, Rayek. Rayek reiser bort, og dei to får eit tvillingpar, Embers og Suntop.

Den første soga handlar om korleis Cutter og venen hans, Skywise (Lille Vismann i Semic si utgåve), tek ut for å finne andre alvar. Dei møter mellom anna Svevarane, eit gamalt alvefolk med stor kraft og kunne, og dei meir stridshugne Snøkrigarane. Saman med desse vinn dei det opphavlege slottet attende, og møter att Timmain, stammora si.

Ulveryttarstamma

Hovdingane

Solfolket

Solfolket slog seg ned midt i sandmoa, i ein oase dei kalla Sorrow`s End (Sorgenfri hjå Semic). Desse alvane er gjestfrie, fredsæle og av eit anna slag enn dei meir stridlynde ulveryttarane. Attåt er dei mørke i huda. Dei fremste er:

Svevarane

Svevarfolket slog seg til i eit høgt berg, kalla Blåberget. Her stelde dei med evnene sine og oppdaga at dei vart sjuke av det. Heile folket gjekk under i forteljinga Siege at Blue Mountain. Dei vart førte av Voll, førstefødd av dei høge. Han vart drepen av troll mot slutten av den opphavlege soga.

Alle svevarane kunne fly, utan heilaren Winnowill, som oppdaga at ingen trong lækjedom i Blåberget. Då vart ho sjuk, og med tida galen og vondhuga. Winnowill er rekna som hovudfienden til ulveryttarane. Ho vart endeleg drepen mot enden av forteljinga Shards. Sjela hennar var likevel så farleg at ho vart fanga inne i kroppen til Rayek, som bar ho innom seg frå då. Soga om dette kan lesast i Rogue`s Curse. Winnowill er mor til halvtrollet Tveegg, ein ravgalen smed som steller i stand mykje illskap for å hemne seg på mora. Hovdingen over svevarane valde ut åtte jegerar, dei einaste som nokon gong fór ut frå berget. Ein av desse, Aroree, overlevde og vart med ulveryttarane (Kings of...).

Snøkrigarane

Snøkrigarane slo seg ned nordpå ikkje langt frå det opphavlege slottet. På engelsk er dei kalla Go-backs, noko som inneber at dei vil attende til opphavet sitt. Dei er likevel det mest hardføre og minst danna av alle alvegruppene. Dei vert førte at Kahvi, dotter av ulveryttarhovdingen Two-spear, og difor kan ein rekne dette folket som ein utbrytargruppe av ulveryttarane. Ho er mor til Venka, ei jente med særskilde evner. Far hennar var Rayek. Venka er det einaste som kan stogge Winnowill og far sin. Ho vart oppfostra hjå ulveryttarane.

Bølgjedansarane

Denne gruppa fekk sin eigen forteljing, og som namnet seier har dei slege seg til i havet. Ei av jentene herfrå vart «gift» med Soltopp, sonen til Cutter.

Trolldom i Elfquest

Trolldomen hjå alvane er knytt til særskilde evner som einskilde alvar har med seg frå dei vert fødde, og som veks fram med tida. Slik er det somme av dei som har evner som Steinformarar eller treformarar, og andre kan lækje sår (healers). Ei særskild evne er evna til å reise i tanken ut av lekamen, og kommunisere med folk langt av lei. Alle alvar (stort sett) kan samtale med tankane sine, «sende», utan at nokon andre høyrer dei. Nokre utviklar denne evna til ein stor viljekraft for å tøyme og tvinge andre alvar. Til denne gåva er det òg knytt ein tanke om at alvar finn kvarandre gjennom «sjele-einskap», slik at barn vert avla gjennom «Recognition» (Vedkjenning eller attkjenning). Nokre gonger hender det at barn vert fødde utan at dette grip inn. Desse borna er stort sett mindre evnerike enn dei andre.

Motsett vanleg folkeminne, har alvane i Elfquest sjel. Denne sjela lever vidare etter at lekamen døyr, og om avane ikkje vert drepne, lever dei æveleg. Ulveryttarane er unnataket, av di dei er av blanda ætt, og kan døy av alderdom. Døyr ein «vanleg» alv, fer sjela attende til opphavsstaden, Romskipet. Ein ulveryttar vel om sjela skal halde seg der eller fara vidare til den staden der dei andre sjelene fer i Elfquest-verda. Tankegangen syner at ein tenkjer seg at dyra (ulvane, til dømes) òg har sjel i denne verda. Ulveryttarane, og andre alvar, ber løynlege «sjelenamn» attåt dei namna dei nyttar til vanleg, og desse indre namna vert berre avdekte av dei som kjenner dei best, eller av dei som er «vedkjende». Som tida har gått, er dei fleste av ulveryttarnamna avdekte slik, for vanlege lesarar.

Utvikling av serien

Med tida vart Elfquest svært populært, og serien fekk mange avleggarar, og det vart tilsett nye teiknarar. Serien hadde ein topp om lag midt på 1990-talet. Etter det har interessa dala noko, men det vart laga teiknefilmar av serien, og mellom anna vart det freista på ein TV-serie i same ånda. I dag har serien ein trufast fan-skare.

Distribusjon i Noreg

Semic satsa på utgjeving av serien på norsk svært tidleg, og omsette heile den opphavlege soga. Prosjektet vart avslutta av økonomiske grunnar, og det meste er å få på engelsk i dag. Elles kan ein nemne at ein av dei nyare forteljingane, om Bjørneklo og hans tid, vart omsett og kom ut tidleg på 2000-talet. Mykje er elles omsett til dansk.

Liste over utgjevingar

(lista er ikkje fullstendig).

Attåt kjem ei rekkje romanar og småforteljingar som ikkje er i teikneserieform.

Kjelder

Bakgrunnsstoff