Eit einingssystem er eit sett av standardiserte måleiningar som blir brukt saman. Det har vore fleire ulike einingssystem gjennom åra. I dag nyttar dei fleste landa metersystemet eller SI-systemet. I astronomi nyttar ein enno my kje Gauss-systemet eller CGS-systemet.

I 1954 vedtok Generalkonferansen for mål og vekt (CGPM) Det rasjonaliserte MKSA-systemet som internasjonalt einingssystem. På Generalkonferansen i 1960 vart systemet supplert med to grunneininga, kelvin for temperatur og candela for lysstyrke, og systemet vart kalla Det internasjonale systemet for eininga med den internasjonale forkortinga SI.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]