For andre tydingar av oppslagsordet, sjå mynteininga mark.

Mark er ei tradisjonell måleeining for masse, i Noreg tilsvarande omkring ein kvart kilogram. To merker vart rekna til eit pund (eller skålpund). 24 merker vart rekna til eit bismarpund, 72 merker vart rekna til ei våg. I tekst blir mark ofte gitt att med teiknet ₻, som i HTML blir skrive ₻.

Ordet «mark» tyder eigentleg 'merkestrek på ein bismar'.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]