Eikenes | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Askvoll | ||
Eikenes er ein stad på nordsida av Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord. Frå Eikenes er det, som del av Riksveg 609, ferjesamband over fjorden til Dale. Riksvegen går mellom Dale og Førde om sørsida av Førdefjorden.
På 1970-talet vart det påstarta ein veg frå Eikenes austover langs fjorden mot Otterstein, som del av Dalsfjordbruprosjektet. Denne vegen vart aldri ferdigsteld sidan Stortinget stogga prosjektet i 1981. Det var då bygd 4 km veg som enda i ein fjellvegg.