Eidbukta | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Meløy | ||
Areal | 0,76 km² | ||
Folketal | 542 (2023) | ||
Folketettleik | 713 / km² | ||
Postnummer | 8150 ØRNES | ||
Preposisjon | i Eidbukta | ||
Eidbukta 66°50′42″N 13°43′55″E / 66.845°N 13.731944444444°E |
Eidbukta er ei samling av bustadområde som Statistisk sentralbyrå, SSB, har gjeve namn på og har definert som ein tettstad. Han ligg i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden har 542 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg sørom Ørnes. SSB oppretta objektet i 2008 som femna om bustadfelt ved Eidbukta, frå 2015 er arealet blitt utvida søraustover og femnar no også om Sandåg og Neverdal.[1]
År | Folketal[2] |
---|---|
2008 | 200
|
2009 | 201
|
2011 | 210
|
2013 | 300
|
2015 | 565
|
2017 | 583
|
2019 | 569
|
2021 | 554
|
2023 | 542
|
Eidbukt, opphavleg Øybukt, var ei grend med tidlegare i alt fem gardsbruk fordelt på to matrikkelgardar, gardsnummer 51 og 52 i Meløy kommune, totalt på 93 dekar i 1893. Gardane ligg på eidet som skil Eidbukta (havbukt) frå Sandåbukta. Dei grensar mot Sandå i nordaust og mot Borvik i nordvest.[3] I 1875 var folketalet 25 på gardane, medan det i 1970 var 64 busette i grenda. Namna på gardane er Øybukt ytre og Øybukt indre.[4]. Dei eldste funn av menneskeleg aktivitet på gardane er rekna å vere mellom 3000 og 4000 år gamle.[5] Grenda hadde skole frå byrjinga av 1890-talet fram til han vart flytta til Neverdal[6] i 1931.[7]