Dzo | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Bos |
(Urangert): | Dzo Bos grunniens × Bos primigenius taurus |
Dzo (tibetansk མཛོ་ mdzo) er ei kryssing av jak og tamkveg (sebukveg eller mongolsk kveg).[1][2] Ordet «dzo» viser til eit hanndyr, medan hodyr blir kalla dzomo eller zhom. Det tibetanske namnet kan også transkriberast som «zho» og «zo«. Det mongolske ordet er khainag (хайнаг).
Dzoar kan vera fleire ulike fargar, som kvite, grå, blakke eller brune eller svarte med kvite flekkar. Hodyr er fruktbare, medan hanndyr er sterile. Hybridstyrke gjer at dzoar er større og sterkare enn både jak og tamfe.[3] I både Mongolia og Tibet meiner ein også at dei gjev meir kjøt og mjølk enn opphavsdyra.[4][5] Dzoar skil seg frå kveg ved at dei klarer seg godt i høge område, som jakar, men dei har betre lynne enn jakar. Ein bruker dei som trekk-, pakk- og ridedyr, til kjøt og mjølk.[2]
Dzomo kan kryssast tilbake med både jak og kveg. Det finst derfor mange «reine» dyr av begge typar med arvemateriale frå den andre.[5][6]